NY KEEPER TIL FØRDE

Publisert 24.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Allereie på laurdag kan Kristian Raae Johansen få sin debut i Førde-målet. Og det mot sin gamle klubb Høyang. -Ja, Kristian er iallfall i troppen på laurdag, og han har signert for Førde, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik om sisteskansen som har stått dei siste sesongane for Høyang i Kretsligaen. Og som faktisk også…

Allereie på laurdag kan Kristian Raae Johansen få sin debut i Førde-målet. Og det mot sin gamle klubb Høyang.

-Ja, Kristian er iallfall i troppen på laurdag, og han har signert for Førde, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik om sisteskansen som har stått dei siste sesongane for Høyang i Kretsligaen. Og som faktisk også vart kåra til årets spelar for sogneklubben. Han debuterte for Høyang sitt seniorlag i 2016, og har totalt litt over 100 A.kampar for klubben.

Motivert

-Ja, eg har lyst til å prøve meg her i Førde, og ser fram til få testa meg på eit noko høgare nivå. Og det eg har opplevd dei siste dagane på treningane i Førde, har iallfall motivert meg ekstra, seier 1999-årgangen.

For Førde kan signaturen til Kristian Raae Johansen ha komme i grevens tid, då dei siste års førstekeeper Fredrik Hanssen har slitt med ryggskade i lengre tid. Noko som har gjort det uaktuelt for han å spele dei siste treningskampane i vinter.

Tilbake

Men etter grundige undersøkingar i ryggen, viser det seg at Fredrik Hanssen ikkje har prolaps i ryggen slik det lenge var frykta, og veteranen har derfor små smått starta opp med treningar igjen den siste veka.

-Eg kjenner meg øm i muskulaturen etter treningane, men så langt har det gått veldig bra. Så eg håpar sjølvsagt at eg framleis skal vere aktuell for spel, seier Hanssen etter den siste treninga torsdag kveld.

Kom i Hafstadparken

Allereie på laurdag klokka 13.00 kan det vere mogleg å sjå Førde spele ein ny treningskamp i Hafstadparken. Då ventar kretsligalaget Høyang på den andre banehalvdelen. Høyang har på si side halde Kretsliga-favoritten Årdal til eit jamt oppgjer i NM-cupen den siste veka (tap 2-3), og det kan sjå ut til at det kan vere i ferd med å bli bygd eit nytt og slagkraftig lag i Høyanger.

Så kom i Hafstadparken laurdag 25. mars klokka 13.00!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert