NO HAR OGSÅ PETER FÅTT PÅ SEG FØRDE-DRAKTA

Publisert 05.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Mange av dei som var på Førde si trening fredag trudde det var Stefan Aase som trente med laget. Men faktum er at det var tvillingsbroren, Peter, som no faktisk er klar for spel for 3.divsjonsklubben Førde. -Den viktigaste grunnen til at du ser meg her, er trenar Terje Rognsø. Eg veit kva han står…

Foto:

Mange av dei som var på Førde si trening fredag trudde det var Stefan Aase som trente med laget. Men faktum er at det var tvillingsbroren, Peter, som no faktisk er klar for spel for 3.divsjonsklubben Førde.

-Den viktigaste grunnen til at du ser meg her, er trenar Terje Rognsø. Eg veit kva han står for og korleis treningane hans er. For no har eg eit ønske om å spele meg tilbake i den forma eg hadde tidlegare, seier Peter Aase (27). For faktum er at Peter Aase for omtrent eit år sidan rauk korsbandet i kneet sitt, og måtte gjennom ein operasjon.

Bur i Florø

Gjennom vinteren har han trent seg opp, og i dei siste vårkampane har han fått noko speletid for bergensklubben Lysekloster.

-Eg studerer for tida til lærar ved HVL i Bergen, og går no det tredje året. Og det lar seg veldig godt kombinere med spel for Førde. Eg får trene i Førde på onsdag, torsdag og fredag, og mister dermed berre resitusjonsøkta på måndag. Når eg er i Sunnfjord, så bur eg hos tvillingsbroren min, Stefan, i Florø. Så då kan vi reise saman i ein bil til og frå trening, seier Peter Aase og ser at det kan bli tøff konkurranse om midtbaneposisjonen i Førde.

Tok kontakt

-Ja, det er det ingen tvil om, men eg er også open for å spele i andre posisjonar viss det kan vere aktuelt. Då eg var på landslaget så spelte eg til dømes back, og eg har også spelt kant. Akkurat det får trenarane avgjere med tanke på kva som er det beste for laget. Ikkje noko er så kjekt som konkurranse om plassane, seier Peter Ase som sjølv tok kontakt med Terje Rognsø for å sondere sjansane for å bli Førde-spelar.

-Ja, eg tok sjølv kontakt med Terje for å høyre om det kunne vere mogleg. Så har snøballen rulla ganske kjapt. Kontrakten med Lysekloster er terminert, og eg er speleklar for Førde til første haustkamp i 3.divisjon. No må eg berre vise at eg er god nok, seier Førde sin nye spelar og lar seg avfotografere saman med Elias Øvretveit Larsen etter treningsøkta fredag kveld.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert