REISTE PÅ FØDESTOVA FOR Å HENTE NYFØDD BARN

Publisert 23.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

35-åringen Eirik Flatjord er no tobarns-far, men går likevel på ein ny sesong for sitt kjære Førde. -Ja, no har eg vel omtrent 350 kampar for klubben, seier forsvarsspelaren etter oppgjeret mot Florø. Eirik Flatjord er vel noko av det næraste vi kjem ein ekte klubbspelar og Førde-patriot. Sidan han var gutespelar har han spelt…

35-åringen Eirik Flatjord er no tobarns-far, men går likevel på ein ny sesong for sitt kjære Førde. -Ja, no har eg vel omtrent 350 kampar for klubben, seier forsvarsspelaren etter oppgjeret mot Florø.

Eirik Flatjord er vel noko av det næraste vi kjem ein ekte klubbspelar og Førde-patriot. Sidan han var gutespelar har han spelt for moderklubben Førde, og sjølv etter at han overtok som eigar og drivar av PULS på heiltid, så held han det gåande som fotballspelar.

Takkar Martine

-Ja, det går ganske mykje tid til fotballen, men så lenge eg likar dette og kabalen går opp, så held eg det gåande, smiler han og er raskt framme med å trekke fram sambuaren Martine Hauståker som gjer dette mogleg.

-Ja, utan Martine hadde dette vore vanskeleg. No fekk vi vårt andre barn i helga. Etter kampen mot Florø søndag ettermiddag, reiste eg rett opp på sjukehuset for å hente Martine og den nyfødde med heim, smiler småbarnsfaren på A-laget til Førde. Han, Jacob Bergset og Frank Robert Værn er dei einaste spelarane i A-troppen som har barn, og ser at det er fullt mogleg å kombinere fotball på dette nivået med småbarns-aktivitetar som foreldre.

Opprykk?

-Ja, absolutt er dette mogleg. Men det er klart at det av og til kan vere vanskeleg å få kabalen til å gå opp. Vi trenar for tida fire gonger i veka, og har dessutan ofte mange og lange reiser i helgene i sesongen. Så besteforeldre og andre er gode å ty til i periodar, seier Eirik Flatjord og vedgår at hans store draum er å spele Førde opp igjen til 2.divisjon.

-Ja, sjølvsagt er det målet, men eg trur det kan bli vanskeleg i år. Fleire av klubbane i vår avdeling ser ut til å ha uavgrensa budsjett med tanke på spelarkjøp, og har hårete ambisjonar. Vår styrke ligg i samhaldet og det faktum at vi berre har lokale spelarar. Som ikkje minst er veldig treningsvillige og ambisiøse. Så kanskje vi kan overraske igjen, seier midtstopparen før han legg raskt til:

– Men du, no må eg heim til dei to små. Det er ikkje lenge til treninga begynner igjen i kveld, og då må eg vere klar, seier den fotrappe førdianaren medan Førde il Fotball sin reporter møter han på PULS på Alti Førde.

Førde il Fotball gratulerer!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide/privat

Relatert