SOLSKJÆR FEKK BANK AV FØRDE

Publisert 17.06.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde vann sin første bortesiger denne sesongen då dei vann heile 4-1 over Spjelkavik på Sunnmøre laurdag ettermiddag. -Tydeleg at perioden med skader og sjukdom er over, smiler Terje Rognsø. Sander Aamelfot (2), Vegard Savland og Jacob Bergset scora på Sunnmøre, og det er tydeleg at dei offensive spelarane har funne scoringsforma. Sist helg scora…

Førde vann sin første bortesiger denne sesongen då dei vann heile 4-1 over Spjelkavik på Sunnmøre laurdag ettermiddag. -Tydeleg at perioden med skader og sjukdom er over, smiler Terje Rognsø.

Sander Aamelfot (2), Vegard Savland og Jacob Bergset scora på Sunnmøre, og det er tydeleg at dei offensive spelarane har funne scoringsforma. Sist helg scora Aamelfopt og Savland totalt seks mål, og i dag vart det tre. Samstundes er trenar Terje Rognsø oppteken av å framheve dei defensive spelarane mot Spjelkavik.

Stor fart

-Vi scorar på litt heldige tidspunkt i kampen, men samstundes har vi fått på plass defensive forsvarsspelarar med fart. Det har mykje å seie med tanke på måten Spjelkavik spelar på. Der brukar Noah Solskjær (sonen til Ole Gunnar) å droppe ned, meden den andre spissen stikk. Derfor er det viktig å ha spelarar med fart. Og trioen Eirik Flatjord, Ole Petter Hjelle Larsen og Kristian Hauståker er det ikkje mange som matchar, seier Rognsø og rosar også keeper Fredrik Hanssen etter bortekampen.

-Fredrik er dyktig som sweeper-keeper i dag, og plukkar opp dei forsøka som kjem. Nei, i dag var det kjekt på Sunnmøre, seier Rognsø og har allereie flytta fokus framover.

Betre kvardagar

-Tydeleg at perioden med skader og sjukdom er over. Håpar berre det fortsett. Då har vi eit langt meir komplett lag, og vi kan hamle opp med dei fleste. Dessutan har vi både Ruben Holsæter og Vegar Gjermundstad i treningsgruppa, og då vil kvaliteten på treningane bli heva. Så dette er heilt klart pluss/pluss, seier Rognsø etter laget sin første bortesiger i årets sesong.

På bildet ser vi Førde-spelarane juble etter scoring mot Raufoss sist helg. Neste helg ventar HamKam 2 på Førde stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

Norsk Tipping-ligaen

SPJELKAVIK-FØRDE 1-4 (0-2)

Spjelkavik stadion, naturgras

Mål:

0-1 14 min Jacob Bergset

0-2 45 min Sander Aamelfot

0-3 57 min Vegard Savland

1-3 59 min Noah Solskjær

1-4 86 min Sander Aamelfot

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Ole Petter Hjelle Larsen, Eirik Flatjord (Henrik Lilleaasen i 79. min), Øystein Østvik (Jonas Frøiland Nistad i 84. min), Magne Aarøen (Andreas Hvidsten i 84. min), Elias Rognebakke, Jacob Bergset, Sander Aamelfot, Vegard Savland (Nicholas Gudvangen Trollebø i 69. min), Mathias Helgheim (Lasse Aamelfot i 69. min)

Relatert