Måndag kveld møttest desse fire ansvarlege trenarane for ungdomsfotballen i Førde. -Vi kjem til å ha nokre slike møter for å koordinere arbeidet vårt, seier Bjørn Totland.

Kvartetten Bjørn Totland (16-19 år), Ole Henrik Gulliksen (15 år), Jan Taule (14 år) og Lars Ove Nistad (13 år) er hovudansvarlege på trenarsida for gutane i ungdomsfotballen i Førde. Saman har dei lang fartstid innan fotballen, både som spelarar, leiarar og no trenarar.

Trumfar talent

Når det gjeld trenarjobbane desse fire har for tida, så kan Jan Taule sine ord i møtet måndag beskrive situasjonen på treningsfeltet.

-Eg har ansvaret for ei fantastisk flott gruppe på litt over 30 spelarar, og vi legg til rette for at alle skal ha utvikling. Det betyr at vi har varierte treningar med både differiensierte treningar og  fellestreningar. Alle er på feltet på same tid, fire kveldar i veka. Det einaste vi veit på sikt er at haldningar og innstillingar så godt som alltid trumfar talent, seier Jan Taule og viser til at treningsoppmøte og haldningar er svært viktig for alle dei fire treningsgruppene.

-Ja, det er viktig å honorere dei som har best oppmøte på treningane. Det er grunnleggjande for alle treningsgruppene våre, seier Totland og vert støtta av Lars Ove Nistad som i denne sesongen har ansvaret for den store 13-årsgruppa.

Breidt kull

-Denne 2010-årgangen er svært brei her i Førde, og eg har hovudansvar for totalt 39 spelarar. Heldigvis har eg med meg seks assistenttrenarar og eg har ei aktiv foreldregruppe. Det betyr at det er rom for å tilby ungdommane ein kvalitativ god treningskvardag. Dei trenar fire økter i veka, og mange av dei mest iherdige har dessutan eigentreningar, fortel Nistad når dei fire trenarane utvekslar status og erfaring for arbeidet så langt.

-Saman med alle dei andre hjelparane rundt desse laga, så utgjer vi mykje kompetanse. Og det er ikkje til å leggje skjul på at vi har mange gode spelarar i klubben som vi gjerne vil utvikle vidare. Treningskvardagen er viktig for spelarane, og vårt mål er å gjere den så god som mogleg. Ikkje minst håpar eg at vi på sikt også kan ha eit tettare samarbeid mellom aldersgruppene når kveldane blir lengre og banetilhøva betre, seier Totland og håpar gjennom desse trenarfora at kompetansen skal tilflyte fleire.

Nytt møte

-Vi skal ha eit nytt møte litt seinare på våren, og då kjem vi truleg til å kalle inn både assistentrenarar og lagleiarar også. Berre vi får kabalen til å gå opp. For det er ingen tvil om at treningsintensiteten i ungdomsgruppa er så stor at det kan vere vanskeleg å finne felles møtetidspunkt. Men vi skal nok fikse det, seier Totland.

Dei fire trenarane hadde dessutan ein gjennomgang av status i dei forskjellige årskulla, og gjennomgjekk også vidare treningstilbod som sone, krets og nasjonale tilbod. Hospiteringsordningar i eigen klubb stod også på agendaen.

-Etter påske vil kretslagsaktiviteten avta noko, og då må vi vurdere korleis vi syr opplegget for spelarane våre utover året. Men det er tema vi kan ta opp på neste møte, seier Bjørn Totland avslutningsvis.

Tekst og foto: Stig Roger Eide