PANGSTART FOR FØRDELAGA

Publisert 31.07.2022 av Geir Vindheim

Del via

Alle dei ni Førde-laga har spelt sine første kampar i Norway Cup i dag. Og vi kan trygt kalle det ein festdag når vi ser at sju av våre laga har vunne, og det berre har blitt to tap. Her kjem oversikt og mange bilder frå opningsdagen. Den første speledagen i Norway Cup starta forrykande…

Foto:

Alle dei ni Førde-laga har spelt sine første kampar i Norway Cup i dag. Og vi kan trygt kalle det ein festdag når vi ser at sju av våre laga har vunne, og det berre har blitt to tap. Her kjem oversikt og mange bilder frå opningsdagen.

Den første speledagen i Norway Cup starta forrykande med at 15-årslaget sette standarden med å vinne heile 5-0 over Odda, og viste med flott spel at dei heilt klart kan bli ein vinnarkandidat i pulja saman med Odda, osloklubben Rustad og nordmørsklubben Surnadal.

Deretter var det jentelaga sin tur til å sette preg på Ekebergsletta. Først ut var 13/14-årslaget som vann heile 7-2 i sin opningskamp mot sunnmørsklubben Ørskog. I denne pulja kan det sjå ut til toppserieklubben Avaldsnes kan bli ei tøff nøtt å knekke, og morgondagen blir svært viktig for 13/14-åringane då dei først skal spele mot Vinje, før det er akkurat Avaldsnes som er motstandar nokre timar seinare.

J15

15-årslaget til Førde vann deretter ein jamnspelt kamp mot samarbeidsklubben LIL/MSIL/FIL frå Sunnmøre med 1-0, og kor Anne Hafstad Wennevold scora det avgjerande målet. I den fjerde kampen vart det heile 8-0-siger til Førde sitt 13/14-årslag då dei rundspelte Lindeberg frå Oslo. Her er det verdt å merke seg at sogneklubben Syril truleg kan bli ein hard utfordrar då dei vann 11-0 i sin opningskamp. Så var det 7`ar-laget til 15-16-åringane som skulle følgje opp den tidlege suksessen med Førde-sigrar. Og dei skuffa ikkje, då dei vann heile 4-0 over hordalandsklubben Hausvik.

J16

I den sjette kampen kom dagens første tap for Førde-laga. Det skjedde då gutelaget til 14-åringane møtte knallhard motstand frå Oslo-klubben Hasle/Løren. Osloklubben vann til slutt 2-0 etter ein jamnspelt kamp, og kjenner vi Førde-spelarane rett er dei nok veldig interesserte i å vise seg frå ei betre side når dei skal møte Lørenskog Vikings måndag kveld.

G14

Dei to neste kampane enda med to nye sigrar. Først vann 15/16-åringane kontrollert 5-1 over Minde, medan 17-åringane i klubbane kontrollerte inn 3-0-siger mot arrangørklubben av sjølve Norway Cup, Bækkelaget IL. Og heilt til slutt i dag måtte dei 14 år gamle Førde-jentene sette punktum for ein innhaldsrik og flott Førde-dag på Ekebergsletta då dei møtte Kolbotn Stjernene frå Oslo. Men dessverre var det tydeleg at toppklubben Kolbotn jobbar godt med rekrutteringa då dei slo Førde heile 9-2.

G17

Status første dag er ni kampar, med sju sigrar og berre to tap. Klart vi har grunn til å vere nøgde da! I morgon er det ny dag med nye sjansar, og dei fleste Førde-laga skal i aktivitet då også. Så vi seier berre: Heia Førde!

Supportergjeng som gav alt for spelarane i dag.

Tekst: Stig Roger Eide

Relatert