-DETTE ER JO VELDIG STAS, DA!

Publisert 13.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Orda tilhøyrer denne trioen i samband med at damelaget har fått eiga garderobe, og at denne er pynta med bilde av alle spelarane samt pokalar på hyllene. Trioen Sofie Honningsvåg Aarnes, Linnea Levik Aamot og Martine Kvamme er alle svært nøgde med den nye garderoben dei har fått i Hafstadparken. -Dette er veldig stas, ja.…

Foto:

Orda tilhøyrer denne trioen i samband med at damelaget har fått eiga garderobe, og at denne er pynta med bilde av alle spelarane samt pokalar på hyllene.

Trioen Sofie Honningsvåg Aarnes, Linnea Levik Aamot og Martine Kvamme er alle svært nøgde med den nye garderoben dei har fått i Hafstadparken.

-Dette er veldig stas, ja. No føler vi at vi blir tatt skikkeleg på alvor i klubben med eiga garderobe, og at vi har faste plassar med store bilde av alle spelarane, fortel Linnea og vert støtta av Sofie og Martine.

Kom frå Sandane

Og Martine som er ny i klubben, seier at noko slikt var ikkje tilfelle på Sandane.

-Eg begynte på sjukepleiarhøgskulen i januar, og trivst allereie svært godt i klubben. Og dette er noko eg verkeleg set pris på, smiler Martine og vert støtta av klubbens sisteskanse, Sofie H. Aarnes.

-Det er utruleg kjekt å få eigne plassar i ein garderobe som er vår. Og slik vi har forstått det, så vil den berre bli brukt av andre når alle dei sju andre garderobane i FIL-huset er i bruk, fortel keeperen om jobben som foreldre og støtte-apparatet til damelaget har gjort på dugnadsbasis.

På dugnad

-Heile garderoben er pussa opp, og vi har god plass til mange pokalar på dei nye hyllene, smiler Linnea og ser at dei andre spelarane er på veg ut for å trene i Hafstadparken medan denne trioen blir igjen til avfotografering.

Terminlista til damelaget er også blitt offentleg, og første seriekamp for 3.divisjonslaget er bortekamp mot Stryn 21. april. Første heimekamp blir oppgjeret mot Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 søndag 30. april.

Då bør du absolutt komme i Hafstadparken og heie fram damelaget.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert