«ALLE» VIL HALDE FRAM I FOTBALLEN

Publisert 01.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Styreleiar Arild Sandvoll tok attval og fekk med seg heile styret under årsmøtet i Hafstadparken onsdag kveld. –Ikkje vanskeleg å halde fram eit år til med ein slik gjeng, svarte Sandvoll. Sjølv med eit underskot på om lag 350 000 kroner i 2022, var stemninga svært god under årsmøtet i Hafstadparken. Og som styreleiaren sa i…

Foto:

Styreleiar Arild Sandvoll tok attval og fekk med seg heile styret under årsmøtet i Hafstadparken onsdag kveld. –Ikkje vanskeleg å halde fram eit år til med ein slik gjeng, svarte Sandvoll.

Sjølv med eit underskot på om lag 350 000 kroner i 2022, var stemninga svært god under årsmøtet i Hafstadparken. Og som styreleiaren sa i sin tale så er det ikkje vanskeleg å godta eit slikt underskot så lenge den økonomiske situasjonen er under kontroll.

Solid eigenkapital

-Vi har bygd opp ein solid eigenkapital på over fem millionar, og meiner sjølv at dette underskotet i 2022 er noko vi kontrollerer godt. Vi har vore veldig opptekne av å halde medlemskontingenten på same prisnivå dei siste åra for å unngå at fråfallet av medlemmer blir større. Vi ser at etter koronna-pandemien, så er det mange som har slutta med idrettsaktivitetar. Vår medisin har mellom anna vore å halde på dei same prisane som vi hadde før pandemien. No ser vi positive resultat, seier Sandvoll og ser at det i løpet av dei siste månadane har komme til ein god vekst i fotballgruppa.

Vekst

-Det har vore ei svært krevjande og usikker tid vi har vore gjennom. Ikkje minst har det vore tøft å sjå at utgiftssida har auka mykje dei siste åra. Den generelle prisstigninga har gjort mykje for oss med tanke på at reiseutgifter, straum og utstyrsprisar har stige mykje. No håpar vi på meir normale og forutsigbare tilstandar framover, seier Sandvoll som med attvalet onsdag kveld går inn i sitt sjuande år som styreleiar.

-Med det styret Førde il Fotball har i dag, så er det ikkje vanskeleg å gå på ein ny periode. Det er utruleg mykje positivt som skjer i klubben, på alle områder. Noko av det viktigaste er at samfunnet rundt oss, ikkje minst politikarar og andre, ser at vi gjer ein svært samfunnsviktig jobb. Det handlar om alt frå fotballaktivitet til god oppdraging. Fotballen er ein viktig samfunnsaktør på meir enn eitt område, seier Sandvoll etter valet.

Flott framtida

Etter nyttår ser leiaren i fylkets største klubb at tilsiget av medlemmer er veksande blant dei dei yngste, og at seniornivå held seg stabilt.

-Det er positivt at medlemmsmassen no ser ut til å stige igjen etter pandemien. Truleg går vi no mot betre tider, seier han og ønsker alle lykke til med sesongen som står for dør.

-Vi håpar at alle i Førde il Fotball skal få ein flott sesong, og at medlemmene våre skal vere gode ambassadørar i all si framferd, avsluttar styreleiaren.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Geir Vindheim

Relatert