DEI VAR SENTRALE I STORSIGER

Publisert 25.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Dei tre førdejentene Kaja Johannessen Skrede og tvillingane Inga og Kristina Hjelmeland Berqvam var sentrale då kretslaget til Sogn og Fjordane slo Hordaland heile 3-0. -Normalt brukar Hordaland å vere betre enn oss når vi kjem opp i 15-årsalderen. Men i dette kullet har vi faktisk to sigrar og ein uavgjort mot dei. Og i…

Foto:

Dei tre førdejentene Kaja Johannessen Skrede og tvillingane Inga og Kristina Hjelmeland Berqvam var sentrale då kretslaget til Sogn og Fjordane slo Hordaland heile 3-0.

-Normalt brukar Hordaland å vere betre enn oss når vi kjem opp i 15-årsalderen. Men i dette kullet har vi faktisk to sigrar og ein uavgjort mot dei. Og i dag var vi fullstendig suverene, smiler Kaja J. Skrede som saman med Inga Hjelmeland Berqvam spelte heile kampen i Hafstadparken. Når det gjeld Kristina Hjelmeland Berqvam, så vart ho byta ut då det var nokre minutt igjen av oppgjeret.

Betre enn naboen

-Det var sjølvsagt kjekt for oss førdejenter å spele kampen her i Hafstadparken. Mykje publikum og god stemning. Og når vi vinn, så blir det ekstra kjekt, ler Kaja etter at kretskampen mot Hordaland er over.

-Dei fleste kretslaga på vår alder brukar å slite med Hordaland, så då er det kjekt at vi kan slå dei, seier Kaja og såg at spissen Emilie Eckhoff scora to mål i oppgjeret medan landslagsspelaren Nathalie Høgi scora det tredje mål.

På bra nivå

Dei tre Førdejentene har spelt på kretslaget dei to siste åra, og ser at dei ikkje på nokon måte ligg langt bak dei beste spelarane.

-Vi har jo ei jente på landslaget (Nathalie Høgi) på kretslaget vårt og vi kjende igjen nokre av dei beste spelarane på Hordaland etter ei samling vi hadde med Arna-Bjørnar. Vi er iallfall ikkje så langt bak dei beste, seier Kaja etter storsigeren i Hafstadparken.

I dagens kamp i Hafstadparken var det Marianne Mellesdal og Jan Tore Jåstad som var trenarar for laget.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Privat

Relatert