EIT ÅR MED “NYE” FØRDEPATRIOTEN

Publisert 03.05.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førdepatrioten har akkurat passer eit år sidan første artikkel ble publisert. Digitaliseringa av Førdepatrioten var eit viktig steg for nå ut til alle patriotane til Førde IL Fotball. Målsetninga med Førdepatrioten er å formidle informasjon om våre viktige sponsorar og samarbeidspartar, og ikkje minst formidle ut informasjon om aktiviteten i klubben. Stig Roger Eide har…

Foto:

Førdepatrioten har akkurat passer eit år sidan første artikkel ble publisert. Digitaliseringa av Førdepatrioten var eit viktig steg for nå ut til alle patriotane til Førde IL Fotball. Målsetninga med Førdepatrioten er å formidle informasjon om våre viktige sponsorar og samarbeidspartar, og ikkje minst formidle ut informasjon om aktiviteten i klubben.

  • – Alle er med

Stig Roger Eide har saman med Geir Vindheim i løpet av det første året publisert over 160 saker. Stig Roger er hovudskribent, og hans bakgrunn/erfaring som sportsjournalist har vore gull verdt. Viktig grunnprinsipp for våre saker er at vi skal lage saker der alle får publisitet. Det skal være være ein god balanse mellom herre, dame, og barne/ungdomssaker.

  • – Suksess

Det at Førde IL Fotball har satt fokus på Førdepatrioten, og at vi engasjerte Stig Roger i prosjektet har utvilsomt vore ein suksess. Vi ser at antall følgere til Førde IL Fotball på facebook har auka med nærmare 1000 følgere frå 2600 til 3600. Sakene på Førdepatrioten blir lest av veldige mange, både via sosiale medier. Saka eller sakene som blei lest mest det første året var alle våre saker frå Norway Cup. Der saka om dei historiske vinnarane hadde over 3500 oppslag på Førdepatrioten, og nådde neste 15 000 via sosiale medier.

Vi får jamnleg tilbakemelding frå andre klubbar både lokalt og andre klubbar utanfor vår krets som er imponert over Førdepatrioten.

  • – Vegen Vidare

Vi er klar til å formidle årets aktivitetar til alle patriotane våre. Har du tips eller ide til saker kan dei sendast til geir@forde-fotball.no . Send oss gjerne bilder også.

Årets sesong har allereie gitt mange gode opplevingar med ein vellykka Opus Cup for miniputtane, adidas cup, NM for aldersbestemt. Damelaget vårt har fått ein kanonstart, og no er også herrane på gang. I mai blir det to storoppgjer på stadion med Førde – Florø 16 mai, og cup kamp mot Sogndal 24 mai.

ALLE ER EIN DEL AV NOKO STØRRE – HEIA FØRDE

Relatert