FØRDE-DOMMAR I FINALE

Publisert 05.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Dei to Førde-dommarane Jonas Mossestad og Astrid S. Kiil har gjort det så bra i årets Norway Cup at dei skal dømme både finale og semifinale på fredag. Det er ikkje berre spelarane på Førde-laga som har prestert godt i årets Norway Cup. Dei to Førde-dommarane Jonas Mossestad og Astrid S. Kiil skal begge også…

Foto:

Dei to Førde-dommarane Jonas Mossestad og Astrid S. Kiil har gjort det så bra i årets Norway Cup at dei skal dømme både finale og semifinale på fredag.

Det er ikkje berre spelarane på Førde-laga som har prestert godt i årets Norway Cup. Dei to Førde-dommarane Jonas Mossestad og Astrid S. Kiil skal begge også i elden igjen på fredag, og får viktige dommaroppdrag.

-Ja, vi fekk akkurat melding om at Astrid skal dømme i finalen for J14, 9´ar-fotball. Dessutan skal eg dømme semifinalen for G19, fortel Jonas Mossestad då Førde-patrioten tek kontakt seint torsdag kveld.

I filanen

Dei to Førde-dommarane har hatt ei hektisk veke med gjennomsnitteleg tre kampar å dømme kvar einaste dag.

-Det har vokre hektisk, men kjekt. Vi har fått vere både hovuddommar og assistentdommar, og variert ein del frå nivå til nivå. Eg er ein del av fotballforbundet si NORCORE-gruppe og har stort sett dømt G19-kampar, seier Jonas Mossestad som heime i Sunnfjord allereie denne sesongen har vore hovuddommar i Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon). Sjølv om han berre er 18 år.

Tidleg dommar

-Ja, eg har dømt Florø eit par gonger i år, og nokre kampar på bergenskanten, seier han som for tida er Førde il Fotballs mest talentfulle dommar.

-Det er utruleg kjekt å få vere ein del av NORCORE-opplegget, kor vi totalt er 30 dommarar som er plukka ut av kretsane. No skal vi prøve å gjere vårt beste her under Norway Cup, og sjå på dette som ein utviklingsarena, seier Jonas og ønsker Astrid lykke til i finalekampen.

-Eg er sikker på at dette vil du fikse godt, seier Jonas til dommarkollegaen i Førde IL Fotball.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

Relatert