SANDER TRENAR MED ELITESERIEKLUBB

Publisert 16.01.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Dette er ein avtale som er gjort med Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen. No får Sander kjennskap til korleis det er å vere profesjonell fotballspelar i ei heil veke, seier Terje Rognsø. Denne veka skal Førde sin høgrekant, Sander Aamelfot, trene med eliteserieklubben Aalesund. Dette er ein avtale som er gjort mellom Aafk-trenar Lars Arne Nilsen…

Foto:

-Dette er ein avtale som er gjort med Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen. No får Sander kjennskap til korleis det er å vere profesjonell fotballspelar i ei heil veke, seier Terje Rognsø.

Denne veka skal Førde sin høgrekant, Sander Aamelfot, trene med eliteserieklubben Aalesund. Dette er ein avtale som er gjort mellom Aafk-trenar Lars Arne Nilsen og Førde-trenar Terje Rognsø, og desse to trenarane har diskutert temaet ved fleire høve.

-Det er eit godt tidspunkt for at Sander får høve til å teste ut dette no. Vi er akkurat i oppkøyringa, og ei tøff treningsveke i Aalesund no kan vere positivt. Så får vi sjå korleis det endar opp når veka er over. Eg er iallfall sikker på at Sander kjem til å lære mykje i løpet av denne veka, seier Terje Rognsø og vil ikkje ha nokre tankar på noverande tidspunkt om ein eventuell overgang til eliteserieklubben på Sunnmøre

-Nei, du veit jo sjølv at Sander hadde store skadeproblem sist sesong, men markerte seg likevel godt medmange mål og mange målgjevande. Så no får han testa seg ut på eit høgare nivå. Det er utelukkande positivt, seier Rognsø om spelaren som har kontrakt med Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert