NO ER HAN TILBAKE I KLUBBEN

Publisert 09.01.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Eg har sagt ja til å hjelpe til i ein overgangsperiode, kan tidlegare Førde-trenar Knut Erik Folland fastslå etter at han vart presentert på spelarmøte i Hafstadparken måndag kveld. Knut Erik Folland har i ei årrekkje vore både spelar og trenar i Førde il Fotball, men sidan 2016-sesongen har han ikkje vore involvert i fotballen.…

Foto:

-Eg har sagt ja til å hjelpe til i ein overgangsperiode, kan tidlegare Førde-trenar Knut Erik Folland fastslå etter at han vart presentert på spelarmøte i Hafstadparken måndag kveld.

Knut Erik Folland har i ei årrekkje vore både spelar og trenar i Førde il Fotball, men sidan 2016-sesongen har han ikkje vore involvert i fotballen. Men no har han altså sagt ja til å assistere Terje Rognsø i tida som kjem.

Tida inne no

-Ja, eg har funne ut at tida kan vere moden for det. Eg var i Førde ut 2014-sesongen, og hadde deretter trenarjobb i Vard Haugesund i 2015. Men etter at eg assisterte Terje Rognsø i Florø i 2016, så har det blitt lite fotball på meg. Men no er tida inne, seier Knut Erik Folland som til dagleg i det sivile er einingsleiar for legetenesta i Sunnfjord kommune.

-Eg kjenner at eg har lyst til å bidra litt i ein overgangsperiode. Etter at Elias Øvretveit Larsen reiste til Aalesund FK har dette blitt aktualisert meir og meir, og no kjenner eg at eg ser fram til å vere på feltet igjen, seier Knut Erik som i utgangspunktet skal leie treninga med førstegruppa på måndagar.

I gruppa

-Så har det det vore snakk om nokre laurdagstreningar, og kanskje nokre kampar. Vi får sjå korleis det utviklar seg utover. Men eg gleder meg verkeleg til jobbe med Terje igjen. Det skal bli kjekt, seier Folland.

Dette betyr at treningsgruppe 1 i 2023 vil vere: Terje Rognsø, Knut Erik Folland, Eirik Flatjord og Per Øyvind Storevik. Treningsgruppe 2 vil vere: Bjørn Totland, Benny Rivedal, Ørjan Vikum og Knut S. Løseth.

Bildet er frå Knut Erik Folland sin siste heimekamp som trenar i Førde hausten 2014. No er han tilbake.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert