NY AVTALE MED NYTT BILMERKE

Publisert 30.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

OPUS AS har signert ny samarbeidsavtale med Førde il Fotball, og lanserer samstundes eit heilt nyttbilmerke i Førde. –Ja, vi er stolte over å forhandle MG frå i dag av, seier Odd Arild Dale. Opus As inngjekk sin første avtale med Førde-fotballen seinhaustes 2019, rett føre korona-pandemien slo til for fullt. Dei fekk av den…

Foto:

OPUS AS har signert ny samarbeidsavtale med Førde il Fotball, og lanserer samstundes eit heilt nytt
bilmerke i Førde. –Ja, vi er stolte over å forhandle MG frå i dag av, seier Odd Arild Dale.

Opus As inngjekk sin første avtale med Førde-fotballen seinhaustes 2019, rett føre korona-
pandemien slo til for fullt. Dei fekk av den grunn ikkje forventa utteljing av avtalen då mykje av
aktiviteten i Førde-fotball vart kraftig redusert. Men trass ein noko tung oppstart på avtalen, signerte
bilforhandlaren i Førde ein ny treårs-avtale, ut 2025, rett føre jul.
-Ja, dette er vel omtrent som ei julegåve. Både for Førde il Fotball og for oss, ler Odd Arild Dale då
han signerer avtalen.

Ny bil i Førde
Opus-sjefen er på si side nemleg godt nøgd med samarbeidet, og vil gjerne halde fram i minst tre år
til.
-Ja, sjølv om pandemien gjorde at vi ikkje fekk maks ut av den første avtalen, så går vi med glede på
ein ny periode. Førde il Fotball tek samfunnsansvar for svært mange i Førde, og vi ser kor viktig
arbeid som blir lagt ned. Noko vi gjerne vil assosiere oss med, seier Dale og røper samstundes at med
signering av ny avtale med Førde il Fotball, startar dei også opp med å forhandle eit heilt flunkande
nytt bilmerke i bilbyen Førde.
-Det er nok mange som har sett dette MG-merket før på film og slikt. For mange er det nok først og
fremst assosiert med sportsbilar. Førebels forhandlar vi fire modellar, som er meir tilpassa «vanlege
folk», seier Dale og viser stolt fram dei nye modellane MG Marvel, MG 4 og MG 5. I tillegg er også
MG ZS på veg inn til lager.

Populære
-Marvel-modellane er populære og sel svært godt på landsbasis. Den er romsleg og er ein attraktiv el-
SUV med god rekkevidde og 4WD. Dette er ein bil vi forventar å selje mange av, seier Dale og lar
Førde-fotballen sin daglege leiar prøvesitte den nye bilen.
-Vi både håpar og trur at MG, som står for Morris Garage, også vil slå gjennom her i området. På
samme måte som Førde-fotballen markerer seg godt. Derfor er det fint å signere ny treårsavtale med
Førde il Fotball no, seier Dale.

God avtale

Noko Per Øyvind Storevik også er svært glad for:
-Dei tre første åra med OPUS, som den største sponsoren vår på bilsida, har vore utruleg positive.
Dialogen har vore heilt fantastisk, og OPUS sine tilsette har alltid vore problemløysarar når vi har hatt
utfordringar. Dette er ein bilforhandlar i særklasse, og vi er kjempefornøgd med avtalen, seier Per
Øyvind Storevik.
OPUS støttar OSS, så husk å støtte OPUS!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert