PEPPES ER ALLTID MED PÅ LAGET

Publisert 17.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Då Peppes Pizza kom til Førde i 2006 vart dei raskt sponsor for Førde il Fotball. No har dei signert ny treårs-kontrakt. – Førde il Fotball er ein viktig samarbeidspartner for oss, seier Arild Romarheim. Peppes Pizza er Norges mest kjende pizza-kjede, og da Førde kom på «Peppes-kartet» i 2006, kopla eigar og dagleg leiar…

Foto:

Då Peppes Pizza kom til Førde i 2006 vart dei raskt sponsor for Førde il Fotball. No har dei signert ny treårs-kontrakt. – Førde il Fotball er ein viktig samarbeidspartner for oss, seier Arild Romarheim.

Peppes Pizza er Norges mest kjende pizza-kjede, og da Førde kom på «Peppes-kartet» i 2006, kopla eigar og dagleg leiar Arild Romarheim seg raskt saman med Førde il Fotball. Kanskje ikkje så underleg med tanke på at Romarheim sjølv tidlegare var ein habil fotballspelar i Førde.

-Ja, eg har ei fortid som både spelar og trenar. Eg har spelt på både Anga og Førde, og har dessutan hatt trenarjobb både for herrelaget og damelaget til Førde. Så for meg var det heilt naturleg å ha eit tett samarbeid med Førde il Fotball, fortel Romarheim då han vert vitja av klubbens daglege leiar, Per Øyvind Storevik, rett føre jul.

God avtale

-Heilt sidan vi etablerte oss her i Førde, har vi vore sponsorar for Førde il Fotball. Det har vore ein svært god relasjon mellom oss, og vi er glade for at vi no signerer ein ny avtale, seier Romarheim og vert støtta av Per Øyvind Storevik.

-Peppes er ein av våre svært lojale samarbeidspartnerar, og er ei solid merkevare. Både nasjonalt og lokalt. Vi merkar det spesielt når vi har vitjande lag i Førde, og dei etterspør pizza. Då er ønsket alltid Peppes Pizza, seier Storevik og ser at klubben også elles nyttar samarbeidspartneren ved dei fleste av sine arrangement.

-Det er klart at gjennom eit år med mange store arrangement og mange tilreisande, så er det mange som tek turen til Peppes Pizza. Eller eventuelt bestiller pizza, seier han.

Mange pizzaer

Og Romarheim sjølv er den første til å understreka at dei gjennom fotballen har fått eit solid fundament i regionen.

-Dette har vore ein svært god avtale for oss, og det er klart at når det til dømes er Førde Cup innandørs, så er det hektisk her nede. Då må vi verkeleg stå på for å serve alle som vil ha Peppes Pizza, seier Romarheim og viser til at dei sist sesong merka at det var mange lag som hadde lang reiseveg.

-Dei åra Førde var i Kretsligaen, så gjekk det sjølvsagt ikkje så mykje pizza på kampdagane. Men når Førde spelar mot lag frå andre deler av Norge, så opplever vi svært ofte at dei vil ha våre pizzaer. Og då er jo Førde også på det nivået dei normalt høyrer heime, seier Romarheim som sjølv spelte då Førde var i 2. divisjon mot lag frå Austlandet.

Mange i klubben

-Det er klart at dei beste laga i klubben er viktige for oss. Men Førde il Fotball er uansett først og fremst ein breiddeklubb med svært mange aldersbestemte lag. Og vi er svært glade for at så mange i Førde-samfunnet nyttar seg av oss. Og det er kanskje på dette området at marknadsføringa vi opplever gjennom fotballen er viktig, seier Romarheim før han signerer ny treårsavtale med Førde il Fotball.

-No har vi vore med i 16 år, og går med glede på ein ny periode. Dette er ein av dei beste avtalane vi har, seier Romarheim og garanterer pizzaer til alle fotballglade også dei komande sesongane.

 Så tenk Peppes neste gang du skal ha pizza, du også.

Dei støttar oss, og vi støttar dei!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert