PANGSTART FOR DAMENE

Publisert 26.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Førde sigra 4-2 i bortekampen mot Sandane og fekk akkurat den starten på haustsesongen dei hadde håpa på. Kampen mot Sandane var på forhånd sett på som ein av dei tøffaste kampane i serien. Godt gjennomført kamp Det var ein glad Bjørn Totland vi snakka med etter kampen. Damene viser solid innsats og vi ser…

Foto:

Førde sigra 4-2 i bortekampen mot Sandane og fekk akkurat den starten på haustsesongen dei hadde håpa på. Kampen mot Sandane var på forhånd sett på som ein av dei tøffaste kampane i serien.

Godt gjennomført kamp

Det var ein glad Bjørn Totland vi snakka med etter kampen. Damene viser solid innsats og vi ser igjen mykje av det vi jobbar med på trening. Stor løpskapasitet, og ikkje minst frå dagens Førde spelar Anne Kilnes. Anne var meget god idag, og skora tre fine mål på gode løp gjennom. I tillegg til Anne skora Una Thingnes.

Ny bortekamp

Neste fredag er det ny bortekamp. Denne fredagen blir det tur til Sogn og Studenspretten. Haustens første heimekamp er fredag 9 september mot Stryn.

Relatert