-VI GLEDER OSS TIL EIN NY SESONG

Publisert 28.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Heilt sidan 2010 har Neumann Bygg AS hatt samarbeidsavtale med Førde il Fotball. –Det er ei glede å vere med å sponse Førde-fotballen, seier Robin Kjær. Byggevareleverandøren Neumann Bygg AS er ein av våre mest trufaste sponsorar, og har akkurat signert ny samarbeidsavtale med klubben. Ein avtale dagleg leiar Robin Kjær og salssjef Marius Ion…

Foto:

Heilt sidan 2010 har Neumann Bygg AS hatt samarbeidsavtale med Førde il Fotball. –Det er ei glede å vere med å sponse Førde-fotballen, seier Robin Kjær.

Byggevareleverandøren Neumann Bygg AS er ein av våre mest trufaste sponsorar, og har akkurat signert ny samarbeidsavtale med klubben. Ein avtale dagleg leiar Robin Kjær og salssjef Marius Ion Ghiorghita er stolte av.

-Dette er ein god avtale for oss, og det står respekt av at Førde il Fotball tek eit så solid samfunnsansvar for dei yngre gjennom breiddefotballen. Eg trur faktisk ikkje folk flest er klar over kva dette betyr, seier Robin Kjær og er oppteken av at det blir skapt alliansar gjennom samarbeidet med Førde il Fotball.

Tilsette i bedrifta

-Vi opplever at sponsoravtalen er viktig med tanke på relasjonsbygging, og at vi gjennom samarbeidet med Førde il Fotball knytter til oss nye kundar. Vi har dessutan hatt både fotball- og volleyballspelarar tilsette i bedrifta. Og dei har verkeleg bidrege. Det viser at vi meiner noko alvorleg med sponsoratet vårt, seier Kjær om bedrifta som held til på Øyrane og har 12 tilsette.

– 20 prosent av kundane våre er privatkundar, så majoriteten er bedrifter. Vi dekker heile Sunnfjord, heilt til Sognefjorden, og har dessutan ei avdeling i Sogndal. Og med den byggeaktiviteten vi har sett i Førde-området i mange år, så er det ingen tvil om her har vi den tøffaste konkurransen i landet i vår bransje. Og det er ingen tvil om at vi nyt godt av å ha det største varmelageret i Førde. Noko som betyr at mange kundar kan nytte våre produkt samme dag som er er kjøpt, og treng ikkje noko tørketid, fortel leiarane ved Neumann Bygg i Førde.

Store på Vestlandet

Neumann Bygg har totalt 15 varehus rundt omkring i Norge, og er ein av Nord-Europas største leverandørar til bedriftsmarknaden.

-Vi har tre varehus i Bergensområdet, og skal no opprette eit nytt i Drotningsvik på Sotra. Dessutan har vi varehus i Førde og ei avdeling i Sogndal. Så vi dekker store deler av det sentrale Vestland, fortel Kjær og viser til at mellom anna streaming-tårnet på Førde stadion har komme opp som ein konsekvens av samarbeidet med Neuman Bygg.

-Vi har som mål å vere synlege i lokalsamfunnet og støttar både idrett og kultur. Men det er klart at avtalen med Førde il Fotball er den største og viktigaste, seier Kjær og set signaturen sin under ein ny avtale med Førde il Fotball.

STØTT NEUMANN BYGG DU OGSÅ- DEI STØTTAR NEMLEG OSS.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert