KOR SKAL DETTE ENDE?

Publisert 01.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

I dag har Førde-laga halde målshow i Norway Cup. På ni kampar har laga våre fantastiske 44-6 i målskilnad. Finst det nokon betre? Og vi spelar ikkje berre fotball! Nesten alle Førde-laga er på veg mot A-sluttspelet etter andre dag i verdas største fotballturnering, Norway Cup. Ikkje minst fordi laga har vist scoringsform, og har…

Foto:

I dag har Førde-laga halde målshow i Norway Cup. På ni kampar har laga våre fantastiske 44-6 i målskilnad. Finst det nokon betre? Og vi spelar ikkje berre fotball!

Nesten alle Førde-laga er på veg mot A-sluttspelet etter andre dag i verdas største fotballturnering, Norway Cup. Ikkje minst fordi laga har vist scoringsform, og har imponert stort i dei fleste kampane.

I dag starta det med at jente 14-laget vann komfortabelt 4-0 over Harding. Dermed går det mot gruppefinale mot nordnorske Medkila tidleg tysdag morgon.

Like etterpå fulgte 15/16-årslaget til jentene opp med å valse over Valder frå Sunnmøre. Førde-jentene stoppa ikkje opp før det stod heile 10-0 i dommaren sin protokoll.

Som den tredje kampen i dag, kor det eit tap for sjuarlaget i 13/14-årsklassa. Dei møtte «naboklubben» Syril frå Leikanger, og som vi spådde så vart det ein tøff kamp. Syril vann 4-0, og er dermed vinnar av pulja.

Utover ettermiddag kom det mange nye gladmeldingar frå Ekebergsletta. Først imponerte G15-laget med 4-0-siger over Surnadal, og laget står dermed utan baklengs etter dei to første kampane. Luktar vi eit Førde-lag som kan gå langt i A-sluttspelet her?

Sjuarlaget til 13/14-åringane imponerte deretter stort med å vinne heile 10-0 over Vinje, før dei i dagens andre kamp spelte jamt mot gruppefavoritten Avaldsnes. Men diverre fekk motstandaren eit mål, og Førde-jentene måtte duknakka gå poenglause av bana med 0-1-tap

Utover kvelden kom det tre nye Førde-sigrar. Først vann G17-laget 1-0 over det nordnorske laget Norild, før gutelaget med 15- og 16-åringar laga dagens storsiger. Dei feide fullstendig over Hammerfest og gav seg ikkje før det stod 11-1 på dommarkortet.

Og heilt til slutt kunne G14-laget endeleg juble over sin første siger med 4-0 over Lørenskog. Dermed var det forsmedelege tapet mot Hasle-Løren så godt som gløymd, og spelarane kan leggje seg på puta i kveld og førebu seg på ein avgjerande gruppespelskamp mot bergensklubben Askøy klokka 08.00 tysdag morgon. Med siger der, så er dei iallfall sikra plass i A-sluttspelet. I dag scora Gaute Sunde Sandal og Noah Brattreit to mål kvar.

Det einaste laget som ikkje var i aktivitet i dag, jente 14-laget, skal spele dobbeltkamp i morgon.

Og ver du sikker på at vi skal halde deg orientert vidare.

Heia Førde!

Tekst: Stig Roger Eide








Relatert