NO HAR DEI FLYTTA INN I NYE LOKALE

Publisert 02.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Heilt sidan midten av 1980-talet har Farsund-brørne vore viktige støttespelarar i Førde-fotballen gjennom familiebedrifta Farsund Bygg. Og sjølv om dei no har flytta selskapet Farsund Flis inn i nye lokale, så er engasjementet for Førde-fotballen like sterkt. -Vi er tre brør som er inne på eigarsida i selskapet Farsund Flis. Dette selskapet vart etablert i…

Foto:

Heilt sidan midten av 1980-talet har Farsund-brørne vore viktige støttespelarar i Førde-fotballen gjennom familiebedrifta Farsund Bygg. Og sjølv om dei no har flytta selskapet Farsund Flis inn i nye lokale, så er engasjementet for Førde-fotballen like sterkt.

-Vi er tre brør som er inne på eigarsida i selskapet Farsund Flis. Dette selskapet vart etablert i 2013, då i lokala til XL Farsund Bygg. Så når XL Farsund Bygg i januar i år vart seld til Optimera/Montér måtte vi finne nye lokale til Farsund Flis. Då flytta vi nokre hundre meter lenger vest, og held no til i Sanderplassen 10, rett bak Berge & Co. Her flytta vi inn i midten av september, fortel Leif Odde Farsund, som er den einaste av brørne som er tilsett i Farsund Flis.

Tre som eig

-Ja, brørne mine Tore og Frode er inne på eigarsida i Farsund Flis, men jobbar på andre område. I dette selskapet er vi tre tilsette, og både Ole Henrik Gulliksen og Mariann Flo har som meg hatt eit sterkt engasjement for Førde il Fotball i mange år, fortel Leif Odde Farsund som også i mange år har vore trenar for aldersbestemte lag i klubben.

-Ja, eg kom inn i Førde-fotballen tidleg på 1980-talet, så det nærmar seg snart 40 år, smiler Leif Odde Farsund i samband med at han torsdag ettermiddag signerte ny kontrakt med Førde il Fotball.

-Sjølv er eg ofte på kamp på Førde stadion, og set utruleg stor pris på å vere på stadion for å sjå lokal fotball. Og som Førde-firma føler eg det er både riktig og viktig å støtte opp om den lokale klubben, seier Leif Odde Farsund.

Størst på flis

Selskapet Farsund Flis har ei årsomsetting på 12-13 millionar, og er det selskapet i denne bransjen i Sogn og Fjordane som har størst utval på lagerført flis.

-Vi leverer flis til store delar av Norge, og har mange faste kundar på strekninga Ørsta-Stord i Vestland fylke. Og vi er så vidt i startgropa for dette selskapet, og har berre så vidt komme oss inn i dei nye lokala våre på Sanderplassen, smiler Leif Odde Farsund og inviterer interesserte til å stikke innom utsalet.

-Eg trur nemleg vi skal kunne hjelpe dei fleste på dette området, og mest sannsynleg har vi akkurat dit ønske på lageret i nabobygget vårt, smiler Leif Odde Farsund og tek Per Øyvind Storevik i handa etter at signaturen er sett på kontrakten.

Skal du ha flis i samband med byggeprosjekt, så veit du kven som har utvalet!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert