-VI VIL GJERNE VERE MED VIDARE

Publisert 01.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Onsdag ettermiddag signerte Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid ny samarbeidsavtale med Førde il Fotball. –Dette er ein ny og betre avtale, seier han. Entreprenør-selskapet Åsen & Øvrelid er ein trufast og lojal samarbeidspartner med Førde il Fotball. Heilt sidan på midten av 1990-talet har dei hatt ei eller anna form for avtale med…

Foto:

Onsdag ettermiddag signerte Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid ny samarbeidsavtale med Førde il Fotball. –Dette er ein ny og betre avtale, seier han.

Entreprenør-selskapet Åsen & Øvrelid er ein trufast og lojal samarbeidspartner med Førde il Fotball. Heilt sidan på midten av 1990-talet har dei hatt ei eller anna form for avtale med klubben.

Sterk posisjon

-Dei siste 20 åra har avtalane blitt meir formaliserte, og i dag kan vi signere ein ny og betre toårsavtale, fortel Per Øyvind Storevik. I desse dagar jobbar klubbens daglege leiar med å sikre seg samarbeidspartnerar med tanke på dei komande sesongane.

-Det er snakk om å forlengje kontrakter, og det er snakk om å etablere nye kontraktar med nye bedrifter. Over alt blir eg møtt positivt med tanke på å samarbeide med oss. Det er tydeleg at Førde il Fotball har ein sterk posisjon i lokalsamfunnet, seier Storevik og vert støtta av den daglege leiaren Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid.

Per Øyvind Storevik og Finn Ove Øen etter signeringa av ny kontrakt.

Fotball er viktig

-Vi ser kor viktig fotballen er som samfunnsaktør, og dette styrkjar vårt engasjement overfor Førde-fotballen. Vi har eit mål om å halde vår posisjon som eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet. Vi vil vere eit relevant selskap for folk flest. Noko denne nye samarbeidsavtalen vi har med Førde il Fotball underbyggjar, seier Øen om avtalen dei i dag sette signaturane sine under.

Merk deg derfor logoen til Åsen & Øvrelid neste gong du vurderer eit byggeprosjekt.

Dei heiar på oss, og vi heiar på dei!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert