DESSE TAPAR ALDRI PÅ STADION

Publisert 16.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Førde stadion har blitt Førde sitt nye fort. Heller ikkje i 2022 har Førde tapt ein seriekamp her. –Ja, heimestatistikken vår er ekstremt god, seier trenar Terje Rognsø. Også den trettande seriekampen endte med siger for Førde sundag ettermiddag. Formlaget Hønefoss fekk gjennomgå då dei tapte 4-3 på ei svært vanskeleg grasmatte, og det tidlegare…

Foto:

Førde stadion har blitt Førde sitt nye fort. Heller ikkje i 2022 har Førde tapt ein seriekamp her. –Ja, heimestatistikken vår er ekstremt god, seier trenar Terje Rognsø.

Også den trettande seriekampen endte med siger for Førde sundag ettermiddag. Formlaget Hønefoss fekk gjennomgå då dei tapte 4-3 på ei svært vanskeleg grasmatte, og det tidlegare topplaget måtte sjå at Førde sine frontspelarar Vegard Savland og Sander Aamelfort netta to gonger kvar. Dermed har Førde ti sigrar og tre uavgjorte i årets sesong på heimebane.

Burde scora

-Vi var gode førebudde på at det var viktig å komme rundt på kantane når bana var så glatt. Dette fungerte godt for vår del, og vi burde eigentleg ha scora meir enn fire mål, seier Rognsø som likevel er strålande nøgd med årets heimestatistikk.

-Ja, dette var eit verdig punktum for årets sesong i Førde. No har vi berre Hødd 2 igjen på bortebane komande sundag, og vi ser allereie no at vi er det nest beste laget i Sogn og Fjordane. Målsettinga var å ta dette steget på dei fleste nivå i klubben, og eg meiner vi har teke mange gode steg denne sesongen. Sjølv om det framleis er kampar att, seier Rognsø og vedgår at årets sesong har vore svært oppløftande for herrelaget i 3. divisjon.

Kamp om toppen

-Vi er med og kjempar om 2.plassen i avdelinga. Med tanke på alle dei skadde spelarane vi har hatt denne sesongen, så må det vere meir enn godkjent. Og i dag fekk nok ein ny spelar sin debut på A-laget, nemleg Tobias Holme. Og han var faktisk veldig nær å score 5-2-målet i sin debutkamp. Det hadde vore topp, smiler Rognsø etter kampen og gjer klar for årets siste kamp på Høddvoll i Ulsteinvik om sju dagar.

Utan toppscoraren

-Einaste minuset i den kampen er at vi ikkje kan bruke Sander Aamelfot. Toppscoraren vår fekk eit heilt feilaktig tildelt gult kort tidleg i kampen då han sklei inn i ein motstandar. Dermed får han dessverre ikkje sjansen til å vinne toppscorar-tittelen i årets 3. divisjon. Ein tittel han hadde fortent. Ikkje minst sett på bakgrunn av alle dei kampane han stod over i sommar. Den klart beste angriparen i divisjonen, legg Rognsø til og ser at gjennom hausten har også Vegard Savland meldt seg på.

-Det hadde vore moro og sett kor mange mål desse to kunne ha scora viss dei begge hadde hatt ein skadefri sesong. Kanskje det blir neste sesong, avsluttar Rognsø etter 4-3-sigeren i årets siste seriekamp i Førde.

Vi kjem med meir frå kampen seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert