DEI ER STØRST PÅ BIL

Publisert 13.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Når mange ser på Førde som sjølve bilbyen, er det ekstra kjekt at den lokale bedrifta OPUS AS er Førde il Fotball sin hovudsponsor når det gjeld bil. –Vi har vore sponsor i snart 20 år, og i det siste som hovudsponsor på bilsida, seier Odd Arild Dale. Førde-bedrifta har i mange år vore med…

Når mange ser på Førde som sjølve bilbyen, er det ekstra kjekt at den lokale bedrifta OPUS AS er Førde il Fotball sin hovudsponsor når det gjeld bil. –Vi har vore sponsor i snart 20 år, og i det siste som hovudsponsor på bilsida, seier Odd Arild Dale.

Førde-bedrifta har i mange år vore med som ein mindre sponsor, men etter at dei gjekk inn som hovudsponsor på bilsida i 2020, vil dagleg leiar i Førde il Fotball, Per Øyvind Storevik, beskrive forholdet slik:

-Vi var lenge forlova med OPUS, men i 2020 vart det endeleg giftarmål, ler Storevik og kan ikkje få fullrost OPUS AS sitt engasjement overfor klubben.

Rosar OPUS

-Dei tilsette i OPUS har alltid vore positive og stilt opp viss vi har hatt trong for noko. Til dømes manglar bil til kampar og slikt, og vipps, så er det fiksa. Det er kort og godt ei fantastisk bedrift som

alltid har stilt opp for oss. Der finst ikkje nei i vokabularet til dei tilsette, seier Storevik. Og i det perspektivet er det kanskje heller ikkje underleg at OPUS AS akkurat vart kåra til årets Opel- forhandlar i Norge i september. Noko som sjølvsagt dagleg leiar i bedrifta, Odd Arild Dale, er stolt over.

-Vi er 17 tilsette og omsette for om lag 100 millionar i året. Vi ser på oss sjølve som framoverlente, og har som mål å yte topp service i alle ledd. Og det er kjekt å oppleve at også andre opplever at vi leverer bra, seier Dale som har vore dagleg leiar i over 12 år.

Tilbake lokalt

-OPUS As er 100 prosent lokalt eigd, og har i hovudsak vore det sidan bedrifta vart etablert i 1987. Bedrifta er eigd av dei fem sunnfjordingane Roger Vikum, Dag Arve Savland, Odd Arild Dale, Harald Kapstad og Arild Fålun. Vi har heile tida vore opptekne av å sponse lokale lag og einskildutøvarar. Og i 2020 fann vi ut at tida var inne for å gå tyngre inn i Førde-fotballen. Eit val vi ikkje har angra på eit einaste sekund, seier Dale og viser til at bedrifta er opptekne av å gje tilbake lokalt.

Støtt OPUS

-Avtalen med Førde il Fotball er viktig då dei gjer oss langt meir synlege. Du finn logoen vår både på stadion og på drakter. Dette er den største og viktigaste sponsoravtalen vi har gått inn på, og den er treårig. Førebels har vi all mogleg grunn til å vere nøgde med samarbeidet, seier Odd Arild Dale og viser til at bedrifta sel følgjande bilmerke:

-Vi sel Opel, Suzuki, Isuzu og Benimar bubilar. Så her skulle det vere noko for einkvar smak, smiler leiaren for ein av ni (snart ti) bilforretningar i Førde.

Skulle du som medlem i Førde il Fotball ha trong for bil, så veit du kor vi vil at du skal handle.

Bruk våre samarbeidspartnerar, dei støttar nemleg oss kvar einaste dag!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert