HAN ER HASTEINNKALLA PÅ LANDSLAGET

Publisert 04.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Tysdag ettermiddag var Elias Grimeland på veg til landslagssamling med G15-landslaget. Torsdag og søndag kan Førde-guten få spele sine første kampar med flagget på brystet. -Dette er fantastisk. Både for spelaren og klubben, smiler Bjørn Totland då han fekk meldinga om uttaket tysdag ettermiddag. -Elias er ein av mange spelarar som har gått vegen gjennom…

Tysdag ettermiddag var Elias Grimeland på veg til landslagssamling med G15-landslaget. Torsdag og søndag kan Førde-guten få spele sine første kampar med flagget på brystet.

-Dette er fantastisk. Både for spelaren og klubben, smiler Bjørn Totland då han fekk meldinga om uttaket tysdag ettermiddag.

-Elias er ein av mange spelarar som har gått vegen gjennom systemet vårt, med akademi, sone- og kretstiltak. Han har vore ein viktig del i det gode G15-miljøet i klubben, og er svært treningsvilleg. Så dette var utruleg kjekt, seier Totland om uttaket.

I Nordfjord

G15-landslaget er i desse dagar i Nordfjord, og landslagstrenar Mounir Hamoud skal leie det norske laget i dobbeltlandskamp mot Sverige. Den første kampen går i Stryn på torsdag klokka 17.00, medan den andre går på sundag.

-Det er fantastisk kjekt at Elias blir innkalla på kort varsel. Han var ikkje med i den opprinnlege troppen, men det viser at han var nær når han får innkalling no. Det hadde dukka opp nokre skader i troppen, og dermed fekk Elias klarsignal, seier Totland og fortel at Elias Grimeland dermed er den første Førde-spelaren sidan Kristian Bell vart innkalla på G17-landslaget for nokre år sidan.

Treningsvilleg

-Dette viser at du godt kan bli landslagsspelar ved å følgje «løpet» i klubben. Og ikkje minst har vilje til å trene nok. Noko Elias absolutt har. Tenk at akkurat no sit han på landslagsmøte med resten av troppen. Klart at han kjem til å bidra mykje for dei andre i klubben når han kjem tilbake, seier Totland.

Førde il Fotball gratulerer med lagslagsuttaket til Elias!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert