VEGARD SIN STORE KAMP, UTAN AT HAN SCORA MÅL

Publisert 17.09.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Spissen Vegard Savland spelte ein av sine beste kampar i Førde-drakta mot Volda, men det var Sander Aamelfot (2) og Eirik Flatjord som scora måla. -I dag var Vegard stor, og spelte ein veldig god kamp. Kjekt å sjå at han er tilbake etter skaden, og no fysisk er på høgde igjen, seier trenar Terje…

Foto:

Spissen Vegard Savland spelte ein av sine beste kampar i Førde-drakta mot Volda, men det var Sander Aamelfot (2) og Eirik Flatjord som scora måla.

-I dag var Vegard stor, og spelte ein veldig god kamp. Kjekt å sjå at han er tilbake etter skaden, og no fysisk er på høgde igjen, seier trenar Terje Rognsø etter 3-0-sigeren på Førde stadion.

Førde stadion som fort

Og at Førde stadion har blitt eit fort er det ingen tvil om. No har ikkje Førde tapt ein seriekamp på Førde stadion sidan 15. juni 2019, og berre i år kan dei sjå tilbake på åtte sigrar og tre uavgjorte kampar på heimebane.

-Det vi presterer periodevis i dag er veldig bra. Forutan at Peter Aase har ein god kamp på midtbana, så er det først og fremst Vegard Savland sin kamp. Han skapar og rykker heile tida i Volda sitt midtforsvar og lagar opningar for dei andre. Einaste minuset på han i dag, er at han sjølv ikkje fekk nettkjenning. Men så lenge vi vinn komfortabelt 3-0, så betyr ikkje det noko, seier Rognsø og ser at laget no har klatra opp på 3.plass på tabellen.

Klar siger

-Kampen i dag var veldig solid, men vi burde ha vunne klarare. Vi har massevis av sjansar, medan det er lite Volda skapar på oss. Og det er alltid godt å gå av bana med null baklengs. Det er slikt som gjev sjølvtillit, seier Rognsø til spelarane i gardeoben før han oppfordrar spelarane til å ta jubelbrølet.

-Men husk for all del å opne opp døra, slik at Volda-spelarane i nabogarderoben høyrer kva dette betyr for oss, gliser han lurt og takkar spelarane for kampen. Før han avsluttar slik:

-I dag gjev vi også ein applaus til to nye debutantanr, Simon Dobbe Personbråten og Elias Grimeland, sa Rognsø før Fredrik Hanssen leia an i jubelbrølet inne i garderoben.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Det kjem meir om kampen seinare.

Relatert