DETTE ER LIKE SIKKERT SOM BANKEN

Publisert 22.09.2022 av Stig Roger Eide

Del via

-Fotballen skapar glede, entusiasme og gode haldningar som er viktige verdiar vi gjerne vil bli assosiert med og setje logoen vår på. Eit langt og godt samarbeid med Førdefotballen har vore heilt naturleg, seier marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad. Uttrykket «Like sikkert som banken» er høgst gyldig når det gjeld samarbeidet…

Foto:

-Fotballen skapar glede, entusiasme og gode haldningar som er viktige verdiar vi gjerne vil bli assosiert med og setje logoen vår på. Eit langt og godt samarbeid med Førdefotballen har vore heilt naturleg, seier marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad.

Uttrykket «Like sikkert som banken» er høgst gyldig når det gjeld samarbeidet mellom Førde-fotballen og Sparebanken Sogn og Fjordane. Sidan 2010 har banken vore generalsponsor for over 1300 aktive fotballspelarar i Førde, og har gjennom dette samarbeidet vore ein viktig samfunnsaktør i lokalsamfunnet.

-Vi har eit mål om å vere gode ambassadørar for kvarandre, og saman skal vi utgjere ein skilnad i lokalsamfunnet, seier Gunn Aase Moldestad som saman med banksjefen for privatmarknaden i Sunnfjord, Lars Solnørdal, er dei som tettast følgjer opp avtalen med Førde-fotballen.

Haldningar og omdømme

-Førde-fotballen profilerer oss svært godt på mange områder, og vi er stolte samarbeidspartnarar til ein av dei største organisasjonane i Sunnfjord. Saman skal vi utvikle oss vidare. At dei vi samarbeider med har eit godt omdømme er viktig for banken. Dei fire siste åra er vi kåra til best i landet på omdømme av Epsi Rating som årleg tek pulsen på bankkundane i Norge. Difor blir vi også rørt når vi opplever dei gode haldningane og verdiane som Førde-fotballen står for, seier Lars Solnørdal og fortel om at svært mange har positivt kommentert både spelarar og leiarar sin oppførsel i samband med kampar.

-Dette er kanskje noko av det viktigaste arbeidet. Det handlar ikkje berre om det kommersielle, men også om grunnverdiar og haldningar. Her har vi mykje felles, seier banksjefen og ser at Sparebanken Sogn og Fjordane historisk også har vore viktig.

-Vi var med å leggje grunnlaget for Hafstadparken i si tid, då vi i 2010 gav åtte millionar til dette unike folkehelseprosjektet. Det var på mange måtar grunnmuren for parken. I år har vi i lag med den største eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, gjeve sju nye millionar av gåvemidlane våre for at det skal bli realisert ein storhall i Hafstadparken. Og vi ser at våre initiativ gjer at andre følgjer etter, noko vi er svært glade for, seier Gunn Aase Moldestad.

Største i landet

-Førde il Fotball er ein av dei største breiddeklubbane i Norge, og er svært viktig for mange tusen innbyggjarar i Sunnfjord. På same måte som Sparebanken Sogn og Fjordane også er den største banken for «folk flest» i Sogn og Fjordane. Saman er vi ein sterk samfunnsaktør, og gjennom overskotet til banken kan vi bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet. Samstundes er vi opptekne av også å ta vare på dei små organisasjonane. Det er viktig for oss som bank, men også for dei som får nyte godt av eit rikt organisasjonsliv i lokalsamfunna sine. Vi skal vere med å motivere dei frivillige som kvar einaste dag står på for å skape aktivitet, seier Moldestad og kan vise til at banken totalt har bidratt med over 240 millionar kroner i gåve- og sponsormidlar dei siste fem åra.

-Samstundes veljer vi også å gå tyngre inn i nokre miljø der også folketalet er størst. Vi har vore med Førde il Fotball sidan 2010 gjer at spelarar, trenarar, lagleiar, foreldre og andre i dette miljøet «er klar over» oss. Vi har sjølv ein høg marknadsandel i Sunnfjord, og skal både halde på og helst utvikle den, seier Lars Solnørdal.

Spelarar får opplæring i privatøkonomi

-Fotballen og banken er to sterke kompetansemiljø, som vi ønskjer å utnytte endå betre framover. Eit døme er at vi planlegg å gjennomføre ei opplæring i privatøkonomi som er retta inn mot aldersgruppa 15 til 25 år. Her vil vi vere med å byggje kunnskap om eigen økonomi og verdiar, noko vi i banken erfarer at det er stor interesse for både hos ungdommen sjølv, men også foreldre. Vi må heile tida utvikle innhaldet i avtalane våre og sjå på nye måtar å aktivere både oss og dei vi har samarbeid med for å oppnå best mogleg effekt for begge partar. Samstundes skal vi stå for kontinuitet og vere føreseielege for samfunnet rundt oss, seier banksjef Solnørdal om samarbeidsavtalen med Førde il Fotball.

Og begge konkluderer slik:

-Førde il Fotball profilerer oss svært godt og positivt. Vi blir glade når vi ser engasjementet rundt fotball-aktiviteten generelt i Sogn og Fjordane. Ta til dømes Kongleriket-turneringane kor mange tusen barn får oppleve fotballglede og samhald. Då skjønnar du godt kvifor Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeider også med fotballen, avsluttar Gunn Aase Moldestad og Lars Solnørdal.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert