KOM PÅ STADION FOR Å SJÅ VINNARANE

Publisert 10.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Førstkomande laurdag klokka 14.00 opnar A-laget haustsesongen. Samstundes vil dei gode Førde-spelarane frå Norway Cup bli heidra. Førde il Fotball har aldri gjort det så bra i klubbens historie i Norway Cup som i 2022. Ein gullmedalje, ein sølvmedalje og ein tapt bronsefinale viser at rekrutteringa i ein av Norges aller største klubbar er svært…

Foto:

Førstkomande laurdag klokka 14.00 opnar A-laget haustsesongen. Samstundes vil dei gode Førde-spelarane frå Norway Cup bli heidra.

Førde il Fotball har aldri gjort det så bra i klubbens historie i Norway Cup som i 2022. Ein gullmedalje, ein sølvmedalje og ein tapt bronsefinale viser at rekrutteringa i ein av Norges aller største klubbar er svært god. Det viser at det er gjort eit godt arbeid av både trenarar, lagleiarar og foreldre over lang tid. Noko som resulterte i slike fantastiske resultat på Ekebergsletta i år.

I pausen

I pausen i 3. divisjonskampen mot Lillehammer på laurdag vil pokalvinnarane av desse unge og lovande spelarane bli presenterte på Førde stadion, og det vil vere mogleg å gje dei den applausen dei fortener. Og vi reknar med at flesteparten av dei 110 spelarane som deltok i Oslo, vil dukke opp på stadion.

Litt tidlegare på laurdagen skal alle desse Norway Cup-spelarane inn til vår trufaste sponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, og skal der få både pizza og brus. Etter opplegget i banken skal dei så gå opp til Førde stadion, og bli presenterte for eit forhåpentlegvis stort publikum.

Så møt opp på Førde  stadion, og sjå framtidas Førde-spelarar samla på ein plass.

Vi er stolte over å få vist fram denne flotte gjengen, av både vaksne og ungdom.

Stor suksess

For desse har under årets Norway Cup verkeleg vist kva dei står for. Vi opplevde ein sportsleg suksess, men vel så viktig er den sosiale suksessen. Klubben har teke nokre grep på det området, og det å samle spelarane på hotell på Fornebu til ein gunstig pris, har også skapt relasjonar mellom spelarar og vaksne som vil gje endå betre resultat på sikt. Det handlar om lagbygging og klubbkjensle.

Difor er det flott at mange stiller opp og heidrar dei som har lagt dette gode grunnlaget for vidare satsing.

Heia Førde!

Tekst: Stig Roger Eide

Relatert