HAR DETTE SKJEDD FØR?

Publisert 06.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk dette bildet. Her ser du at førdespelaren Sander Lekva har både gull- og sølvmedalje frå årets Norway Cup. Korleis kan det vere mogleg? Sander Lekva scora Førde sitt andre mål då Åsane vann 4-2 i finalen i G15-klassa i Norway Cup i dag. Men dei færraste kjenner til at gutespelaren også henta gullmedalje på…

Foto:

Sjekk dette bildet. Her ser du at førdespelaren Sander Lekva har både gull- og sølvmedalje frå årets Norway Cup. Korleis kan det vere mogleg?

Sander Lekva scora Førde sitt andre mål då Åsane vann 4-2 i finalen i G15-klassa i Norway Cup i dag. Men dei færraste kjenner til at gutespelaren også henta gullmedalje på Ekebergsletta allereie fredag ettermiddag. Då som spelar på G15/16-laget som vann finalen 3-0 over Fredrikstad-klubben Trosvik. Men då som keeper!!!

Ingen i mål

-Ja, det stemmer. Det var ingen andre som ville stå i mål på det laget. Så kvifor ikkje, seier Lekva smilande etter at han har fått si andre medalje på like mange dagar.

-Ja, det har vore ei fantastisk turnering. Eg er iallfall veldig godt nøgd, smiler midtstopparen og innrømmer at han har lite erfaring som keeper.

-Ja, men eg tenkte at eg kunne no stå der bak. Eg har jo litt spelforståing som midtstoppar, så det er jo litt hjelp. Dessutan valde eg å spele utan keeperhanskar heilt fram til finalen. Eg synest grepet på ballen er best utan desse hanskane, smiler 15-åringen etter suksesshelga.

Tett program

Når han så blir historisk som truleg den første som har sikra seg medalje i to forskjellige klasser i NC, så måtte han sjølvsagt få litt problem med å spele alle kampane for begge lag gjennom heile veka.

-Ja, det vart litt farting fram og tilbake, men det gjekk på eit vis. Men eg gjekk glipp av eit par kampar for G16-laget då G15-laget spelte på samme tid. Men heldigvis gjekk det å få med seg begge finalane, smiler Lekva og heng ikkje med hovudet over at Åsane vann G15-finalen med 4-2.

-Nei, vi hadde ein heller dårleg dag, og var ikkje nok «på». Vi var nok litt nervøse då dette var ein viktig kamp for oss, og vi spelte ein heller svak kamp. Likevel må vi vere fantastisk godt nøgde med å komme oss til finalen, seier den doble vinnaren.

Alvoret startar

Og sjølv om Sander Lekva no har spelt bøttevis med kampar under Norway Cup denne veka, så veit han at seniorfotballen ventar truleg allereie på måndag i Førde.

-Ja, eg veit at seniorlaget allereie har starta opp igjen treningane etter ferien. Og Førde 2 spelte sin første haustkamp på laurdag. Så det kjem nok ei melding om trening med seniorane allereie på måndag. Viss ikkje eg får ein ekstra fridag då, smiler Norway Cup sin store profil.

Og han er frå Førde il Fotball, folkens!

Gratulerer med gull og sølv!!

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

Relatert