HAN SENDE FØRDE TIL HIMMELS….

Publisert 27.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

….men ti minutt etterpå var det frustrasjonen som rådde. – Når spelarane heng med hovudet etter 1-1 mot topplaget, så betyr det berre at vi har teke steg i riktig retning, seier Terje Rognsø. Førde-trenaren var svært rosande og motiverande i sin omtale av spelarane i garderoben etter kampen. Sjølv om han viser til at…

Foto:

….men ti minutt etterpå var det frustrasjonen som rådde. – Når spelarane heng med hovudet etter 1-1 mot topplaget, så betyr det berre at vi har teke steg i riktig retning, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren var svært rosande og motiverande i sin omtale av spelarane i garderoben etter kampen. Sjølv om han viser til at Elverum sitt utlikningsmål på tampen av oppgjeret var utruleg irriterande.

-Men slik kan ein fotballkamp bli avgjort. Vi kunne ha klarert den ballen fleire gonger, men så skjer dette. Irriterande, men viser berre at vi har tatt steg. Den løpsviljjen som blir lagt ned i dag, er berre heilt imponerande. Og vi hadde fortent tre poeng. Så det er heilt greitt at det er mykje frustrasjon her inne no, seier Rognsø og siktar sjølvsagt til at heimelaget hadde nok sjansar til å avgjere.

Glatt på bana

-Men Elverum er kyniske og spelar forsiktig på bortebane. Og ut frå jubelscenene så var det tydeleg at eitt poeng var dei svært godt nøgde med, seier Rognsø etter bataljen på ei uvaneg sleip grasmatte på Førde stadion.

Og den som sleit aller mest var bergensdommaren som måtte ha gløymt fotballskoa sine, og stilte med joggesko. Noko som medførte at han var langt unna dei fleste situasjonane, og dømte veldig tilfeldig. Og i den perspektivet skal ein kanskje vere glad for at det ikkje vart styggare spel då mange spelarar på bagge lag gav uttrykk for sin frustrasjon over den svartkledde.

Førde-spelar Øystein Østvik fekk elles to gule kort i sluttminutta, og må dermed ut i karantene.

Florø på fredag

-Vi går inn i ei spesiell veke, med ny kamp allereie fredag kveld. Det betyr eit anna treningsopplegg enn det vi er vande med. Men vi må ikkje gløyme at kampen på fredag er revansjeoppgjeret vårt mot Florø. Då skal vi opp igjen på dagens nivå. Ein kamp vi sjølvsagt har lyst til å vinne. Sant, halvt spør Rognsø dei frustrerte spelarane i garderoben.

Det var Vegard Savland som scora Førde sitt mål i det 76. minutt, medan Elverum sin toppscorar utlikna i det 88. minutt.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen

Førde-Elverum 1-1 (0-0)

Førde stadion

Mål:

  1. 1-0 76 min. Vegard Savland
  2. 1-1 88 min. Magnus Solum

Raudt kort: Øystein Østvik

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Øystein Østvik, Jacob Bergset, Peter Aase (Stefan Aase i 46.min), Mathias Sagevik, Sander Aamelfot (Eirik Flatjord i 84. minutt), Vegard Savland, Ntege Kone

Relatert