SPESIALISTAR PÅ 2.OMGANG

Publisert 12.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Sist låg vi under 1-2 ved pause og vann 7-3. I dag var det 0-0 ved pause, medan vi vann 4-0 til slutt, seier trenar Johan Pettersen etter J19-laget sin andre kamp i vinterserien. Tilsynelatande klar Førde-siger i dag altså, men trenar Johan Pettersen er klar på at dei framover må vere noko kvassare i…

Foto:

-Sist låg vi under 1-2 ved pause og vann 7-3. I dag var det 0-0 ved pause, medan vi vann 4-0 til slutt, seier trenar Johan Pettersen etter J19-laget sin andre kamp i vinterserien.

Tilsynelatande klar Førde-siger i dag altså, men trenar Johan Pettersen er klar på at dei framover må vere noko kvassare i den første omgangen.
-Vi møter ofte lag som legg seg bakpå, og då treng vi kanskje litt tid for å finne opningane. Så dette er flott trening for oss i Vinterserien då vi trur at vi kjem til å få mange slike kampar i serien også når den startar opp, seier J19-trenaren etter kampen mot Stryn i Skei storhall søndag ettermiddag.

Målscorarar
Måla til Førde i 2. omgang i dag var scora av Inga Hoff (2), Dina Sande Søgnen og Anne Gyldenskog Kilnes.
-I dag nytta vi høve til å bruke store delar av spelarstallen. Vi er totalt 26 spelarar, og når vi på torsdag kveld skal møte gutelaget fødd i 2009, så skal dei spelarane som ikkje var på bana i dag i aktivitet. Det er viktig at alle får speletid, seier Johan Pettersen etter 4-0-sigeren.

Rein finale
Etter to kampar leiar Førde vinterserien i J19, og oppgjeret mot Sogndal 12. mars vil difor vere ein rein finale.
-Ja, det blir ein rein seriefinale. Det laget som vinn den kampen er klar for NM-cupen utpå vårparten, seier Førde-trenaren.
På bildet ser vi dagens tropp i storhallen på Skei, og då mønstra trenar Johan Pettersen følgjande spelarar:
Sofie Honningsvåg Aarnes, Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot, Dina Sande Søgnen, Johanne Støfring, Anne Gyldenskog Kilnes, Sigrid Welle, Martine Honningsvåg Aarnes, Henrbiette Palma Flaten, Inga Hoff, Sofia Hagen Paulen, Alette Slåtten Ulltang. Kaja Johannessen Skrede, Vilde Sunde SWie, Kaja Ørjansen Lervåg og Viktoria Zablotna.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Terje Norevik

Relatert