JACOB SINE TO SPEKTAKULÆRE MÅL AVGJORDE

Publisert 09.07.2022 av Geir Vindheim

Del via

Førde burde punktert kampen tidleg då dei leia 3-0 etter 25 minutt. I staden vart det Jacob Frøyen Bergset si mirakuløse 4-3-scoring som snudde oppgjeret tilbake til Førde sin favør. Jacob Frøyen Bergset scora to av Førde sine fem mål mot botnlaget Toten på Førde stadion, og begge scoringane var av den minnerike sorten. -Det…

Foto:

Førde burde punktert kampen tidleg då dei leia 3-0 etter 25 minutt. I staden vart det Jacob Frøyen Bergset si mirakuløse 4-3-scoring som snudde oppgjeret tilbake til Førde sin favør.

Jacob Frøyen Bergset scora to av Førde sine fem mål mot botnlaget Toten på Førde stadion, og begge scoringane var av den minnerike sorten.

-Det første kom midt i 1. omgang. Då stod eg med ryggen mot mål, og saksesparka inn 3-0. Då trudde eg kampen var avgjort, smiler midtbanespelaren og vedgår at han vart noko overraska då botnlaget Toten kom tilbake, og faktisk utlikna til 3-3.

Frå skrått hald Og det var då Førde sin spelar nummer 22 henta fram si andre uvanlege scoring for dagen. -Eg såg at det var ein luftduell mellom Toten-keeperen og eigen forsvarspelar. Ballen vart klarert ut mot sidelinja, og eg tenkte at her er det kanskje ein scoringssjanse. Eg lot det stå til, og var svært glad då ballen smatt over keeperen og inn i det lengste hjørnet. Det er slike mål du veldig sjeldan får oppleve, smiler Frøyen Bergset etter at han har henta gåvekoret som dagens Førde-spelar. -Det er heilt utilgjeveleg at vi lét Toten komme inn i kampen etter at vi leiar heile 3-0. Men vi verkar å vere ukonsentrerte i ein periode, og då blir vi straffa. Så i staden for storsiger, står kampen og vippar heilt inn mot sluttminutta, seier midtbanespelaren.

Frustrert Rognsø Førde-trenar Terje Rognsø var tydeleg frustrert då Toten utlikna, og var inne på tanken å endre taktikken då Jacob F. Bergset scora sitt 4-3-mål.

-Ja, det var eit lykketreff. Vi hadde vanskar i ein periode, og når dei fekk overgangar mot oss, så det veldig enkelt ut å stikke gjennom forsvaret vårt. Difor var det viktig at vi fekk denne fjerde scoringa. Og det skulle berre mangle. Dette var ein kamp vi burde ha vunne klårt, seier Rognsø og ser at tre nye poeng gjer at dei berre ligg poenget bak topplaga Molde 2 og Aalesund 2.

-Heller ikkje i dag kan vi skryte av at vi spelar som eit topplag. Vi opnar bra, men så gløymer vi oss i periodar heilt fullstendig. Men Jacob reddar oss med si unike scoring frå veldig skrått hald. Då går lufta ut av Toten, og vi kan kontrollere inn. Og jammen må eg påstå at dette var ein fortent siger. Men heilt utilgjeveleg å gje frå seg tre baklengsmål på dei tre målsjansane Toten har gjennom heile kampen, avsluttar Terje Rognsø etter 5-3-kampen på Førde stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA Førde-Toten 5-3 (3-1)

Førde stadion, 252 tilskodarar

Mål:

1-0 2 min Ntege Cone (str) 2-0 12 min sjølvmål 3-0 25 min Jacob Frøyen Bergset 3-1 34 min Kodjo Somesi 3-2 52 min Daniel Lisowski 3-3 57 min Kodjo Somesi 4-3 61 min Jacob Frøyen Bergset 5-3 90 min Elias Solheimsnes Vindheim

Dommar: Sivert Endestad Orheim, Florø

Gult kort: Jacob Frøyen Bergset, Førde. Daniel Lisowski, Håkon Svellet, Daniel Kraska, alle Toten

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Øystein Østvik, Kristian Lilleaasen, Edvin Brattreit, Jacob Frøyen Bergset (Elias Solheimsnes Vindheim i 78.min), Mathias Sagevik, Magne Elias Aarøen, Kristian Bell, Vegard Savland (Simen Indrebø i 82.min), Ntege Kone (Mathias Helgheim i 90.min).

Relatert