G15 KLAR FOR NORWAY CUP FINALE

Publisert 05.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Semifinalesiger mot Ørgryte Ikkje mange timane etter at G16 vant sin klasse i Norway Cup fekk vi nytt finalelag. Sjølv om mange spelare etter kvart byrjar å bli slitne klare dei å hente fram det beste til kvar kamp. I seminfinalen var dei på frå start, og fekk tidleg ein 2-0 leiing. Først var det…

Foto:

Semifinalesiger mot Ørgryte

Ikkje mange timane etter at G16 vant sin klasse i Norway Cup fekk vi nytt finalelag. Sjølv om mange spelare etter kvart byrjar å bli slitne klare dei å hente fram det beste til kvar kamp. I seminfinalen var dei på frå start, og fekk tidleg ein 2-0 leiing. Først var det Vegard Fløholm som pirka inn 1-0, og deretter kom eit frispark frå Sander Lekva som keeper var uheldig å sleppe mellom beina. Kampen var jamn i andre omgang, og når Ørgryte får straffespark som dei set i mål blei dei spennande slutt. Førde stod i mot i sluttminutta og er dermed klar for finale lørdag kl 1135.

Finalemotstander

Finalemotstander blir Åsane. Altså eit godt vestlandsoppgjør. Åsane har som Førde hatt ei god turnering, så her blir det garantert spenning frå start til slutt. Det er berre å rigge seg klar foran tv’n kl 1135 og heie fram Førde.

Heia Førde

Relatert