I DAG VAR DET JENTENE SIN KVELD

Publisert 01.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Eit 50-tals spreke og glade jenter stilte på oppstartsmøtet til Førde il Fotball onsdag kveld. – Vi er stolte over å vere den beste klubben i fylket, sa Bente Hermansen i sitt innlegg. I kveld var det jentene sin tur til å få informasjon om årets sesong. Og på samme måte som gutane i aldersgruppa…

Eit 50-tals spreke og glade jenter stilte på oppstartsmøtet til Førde il Fotball onsdag kveld. – Vi er stolte over å vere den beste klubben i fylket, sa Bente Hermansen i sitt innlegg.

I kveld var det jentene sin tur til å få informasjon om årets sesong. Og på samme måte som gutane i aldersgruppa 13 til 16 år var samla på måndag, så det desse alderstrinna som hadde fokus i kveld. Her var det gjennomgang av sesongen, og spesielt var det interesse rundt dei komande cupene. Både Adidas Cup, Norway Cup og Lerum Cup vart gjennomgått, og det var tydelege forventningar om at mange ville bli betre i idretten.

Stolte over klubben

Noko ikkje minst Bente Hermansen, som ansvarleg for jente- og damefotballen i Førde, hadde fokus på i sitt innlegg:

-Vi lykkast med mykje i Førde, og når eg reiser rundt i fylket, er det tydeleg at mange er imponerte over den jobben som blir utført her. Vi har engasjerte foreldre, dyktige trenarar, gode leiarar og dommarar. Og først og fremst mange, gode spelarar, fastholdt Bente Hermansen og orienterte om diverse utviklingstiltak den einskilde spelaren står overfor.

-I dag har vi 27 spelarar på krets- og sonetiltak, og er den klubben som har flest. Slik har det vore ei stund, og målet er sjølvsagt at vi skal bli betre, sa Hermansen overfor ein svært lydhør forsamling.

Bli dommar

Forutan Hermansen, tok dommar Jonas Mossestad til orde for å rekruttere nye dommarar.

-Eg har no vore dommar allereie i mange år, og dømming er kjempegøy. Eg får oppleve svært mykje og reiser rundt både i fylket og landet for å dømme. Dessutan er det godt betalt. Timeløna for å dømme er svært god, og det er ikkje mange jobbar som du tener like godt i, freista Mossestad og ville gjerne ha med jentespelarar på både klubbdommar- og rekruttdommarkurs med det første.

Nok søvn

Avslutningsvis tok Puls-sjef og klubb-legende Eirik Flatjord opp verdien av søvn og restitusjon i ein elles travel treningskvardag for mange, og kom med følgjande utfordring til alle:

-Prøv ei veke med søvn med det talet timar du skal ha ut frå alderen din (8-9 timar). Etter berre ei veke så vil alle oppdage at ein presterer betre på skulen, på bana og elles i livet. Søvn er alfa og omega, og spesielt er det viktig å styre unna skjermbruk og koffeinhaldige energidrikkar om kvelden. Då får du betre søvn. Og tru det eller ei: Sjansen for å bli skada minkar med 50 prosent berre du får nok søvn, sa Flatjord.

Førstkomande måndag er det foreldra til alle spelarane i aldersgruppa 13 til 16 år som er inviterte til oppstartsmøte på Scandic Sunnfjord Hotell.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert