FØRSTE MØTE MED GJENGEN

Publisert 06.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

I ettermiddag var den nye trenar-troikaen til Førde på plass på Førde stadion. -No begynner alvoret for vår del, smiler trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti. Endeleg er desse tre tidlegare Førde-kapteinane samla på eit brett. Dei har lang fartstid som Førde-spelarar, og no skal dei forsøke å ta Førde til nye…

Foto:

I ettermiddag var den nye trenar-troikaen til Førde på plass på Førde stadion. -No begynner alvoret for vår del, smiler trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti.

Endeleg er desse tre tidlegare Førde-kapteinane samla på eit brett. Dei har lang fartstid som Førde-spelarar, og no skal dei forsøke å ta Førde til nye høgder som trenarar.

-Målet er at vi skal bistå så mykje som mogleg på treningsfeltet. Det betyr nok at vi kjem til å delta på så godt som alle treningane, seier dei to nytilsette assistentane, Gisle Isene og Øystein Vetti.

Tidlegare kapteinar

-Vi er begge småbarnsfedre, og må sjølvsagt ha det i bakhand. Men i utgangspunktet er dette noko vi begge to har veldig lyst til å vere med på. Så då prioriterer vi deretter, seier duoen før dei blir presenterte overfor spelargruppa.

Faktum er at med det unge mannskapet som Førde har for tida, så er det ikkje alle spelarar av i dag som kjenner desse to si forhistoria. Då er det greitt at Knut Erik Folland går god for dei på ein slik måte:

-Vi veit at fotballkompetanse trumfar det meste. Derfor var eg ikkje i tvil om at desse to hadde eg lyst til å ha med i den jobben vi skal gjere framover. Dessutan skal Eirik Flatjord sjølvsagt halde fram som fysisk trenar, og det kjem til å bli eit tett samarbeid med oss. Så no førebur vi oss allereie til kampen mot Molde her på Førde stadion førstkomande måndag, smiler Folland og let spelarane starte oppvarminga.

Bur i Førde

Når det gjeld dei to nye assistentrenarane, så bur dei begge i Førde. Gisle Isene skal om kort tid ta til i ny jobb som lærar ved Flatene skule, medan Øystein Vetti jobbar på Sport1-butikken på Elvetorget.

-Målet vårt er å hjelpe til så mykje som mogleg, og ikkje minst hente kompetanse frå Knut Erik. Vi har hatt eit tett samarbeid tidlegare, og gler oss stort til å komme i gang, seier dei to og vedgår at dei ikkje har tal på kor mange kampar dei har på bana som spelarar for Førde.

-Nei, slikt får Olav´en (red.mrk: Olav Flatjord) ha kontroll på. Men det er nok nokre hundre kampar totalt på oss tre, ja, smiler dei to og konsentrerer seg om trenarjobben ute på feltet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert