FOR EIN DAG I OSLO!!

Publisert 02.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Dette må vel vere historisk? Det eine Førde-laget etter det andre har kvalifisert seg til A-sluttspelet i Norway Cup, og status er imponerande  av 9 lag til cupspelet med dei beste klubbane. Vi trudde vi hadde nådd toppen på måndag, men faktisk overgår innsatsen på tysdag dei opplevingane. Gjennom heile tysdagen tikka det inn melding…

Foto:

Dette må vel vere historisk? Det eine Førde-laget etter det andre har kvalifisert seg til A-sluttspelet i Norway Cup, og status er imponerande  av 9 lag til cupspelet med dei beste klubbane.

Vi trudde vi hadde nådd toppen på måndag, men faktisk overgår innsatsen på tysdag dei opplevingane. Gjennom heile tysdagen tikka det inn melding om at det eine Førde-laget etter den andre vart blant dei to beste i sin gruppe, og dermed kvalifiserte seg til A-sluttspelet . For dei fleste lag startar dette allereie på onsdag morgon, så det er ikkje snakk om å kvile på suksessen i gruppespelet.

For sjekk berre korleis det gjekk med Førde-laga på tysdag.

Allereie tidleg på morgon sette G14-laget standarden med å halde det sterke bergenslaget Askøy til 1-1. Og med den scoringa til David Engesæter sikra Førde seg plass i A-sluttspelet, trass det bitre tapet dei fekk i opningskampen.

I neste kamp sette Sofie Søvde inn Førde sitt mål mot Medkila, og dermed sikra Førde-klubben seg 1.plass i gruppa. Noko som betyr at dei går direkte til 1/16-delsfinale og får ein etterlengta fridag på onsdag. På torsdag møter dei eit lag som dei kjenner godt – nemleg Sogndal.

G17-laget har vist imponerande spel i årets Norway Cup, og kunne kvittere ut ein ny siger med 3-2 mot Øystese. Og med denne tredje strake sigeren, kan dei førebu seg på kvartfinale som blir spelt torsdag kveld.

Sjuarjentene til 15/16-åringane møtte Vard Haugesund i avgjerande kamp, og vann imponerande 4-0. Med totalt 18-0 etter tre kampar, er det rett og rimeleg at dei er klare for 1/8-delsfinale onsdag kveld.

Dei 15 år gamle gutane til klubben har også imponert stort i årets Norway Cup. I dag vann dei 2-0 over heimelaget Rustad/Abildsø, og fekk høve til å rullere noko på mannskapet. Noko som kan komme godtmed når dei allereie onsdag skal møte eit nytt «heimelag» Lambertseter på onsdag.

Sjuarlaget til Førde i G15/16 har også feid all motstand til sides i årets massemønstring. På tysdag vart det heile 13-1 over Åmdal/Tokke, og dei må forventa tøffare motstand når Tromsø er motstandar i A-sluttspelet  tidleg onsdag.

Jente 13/14-årslaget vann 4-1 over osloklubben Kolbotn i dag, og er dermed allereie sikra plass i A-sluttspelet.

Dei jamgamle gutane er også klare for A-sluttspelet etter 4-1-siger over Åheim. Dermed vantar ÅL frå Hallingdalen i 1/16-delsfinale tidleg onsdag.

Det siste Førde-laget som dermed kunne gjere Førde-dagen komplett i Oslo var J14-årslaget. Dei fiksa biffen sjølv i dagens første kamp med 5-1-siger over Vedavåg/Karmøy, og kveldskampen mot Aksla enda med solide 6-1 til Førde. Dermed er også 14-årsjentene klare for A-sluttspelet.

Dermed har alle Førde-laga komme gjennom det første nålauget, og er vidare blant dei beste laga i årets Norway Cup.

Fasit er 9 av 9 lag til A-sluttspel. Det er kort og godt FANTASTISK.

Dessutan spelte Lea Fonn på det norske laget som spelte mot resten av verda på hovudarenaen i dag, og fekk oppleve at Norge vann 4-0. Og ho fekk dessutan høve til møte fleire fotballkjendisar i den TV-sende-kampen.

Med andre ord ein fantastisk dag for Førde!

Heia Førde!

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Forskjellige lagleiarar/foreldre i Oslo.

G17
Relatert