I morgon kan eit Førde-lag vinne ein finale i Norway Cup for første gang i historia. Dessutan har G15-gutane gått vidare etter to tøffe kampar i dag, og er klare for kvartfinale på fredag. I tillegg skal G14 sitt 7’er lag spele bronsefinale kl 1145 mot Gaza Kids.

Førde sitt 16-årslag i 7´arfotball har imponert stort i årets Norway Cup, og har gått frå den eine storsigeren til den andre. I A-sluttspelet har dei slått ut laga Tromsø (7-2), Jotun (5-1), B3 Academy frå Brasil (11-2) og Djerv 1919 (5-0), og skal spele finale klokka 14.00 fredag. Då skal dei møte Hausvik frå Osterøy ved Bergen, og Førde skal vere klar over at også denne klubben har imponert hittil i Norway Cup. Sjekk berre desse kampresultata for Trosvik: 10-0, 6-0, 4-3 og 4-2.

Uansett ser vi fram til ein spennande finale, og kanskje ein historisk Førde-siger.

Straffedrama

Også 15-årslaget er klare for ein ny kampdag etter at dei sleit seg til to sigrar i løpet av torsdagen. Først tok dei Loddefjord etter eit straffsparkdrama av ei anna verd. Keeper Ruben Jordanger hadde to fantastiske redningar, og då Elias Grimeland sette inn det avgjerande straffesparket, tok jubelen laus.

Seint torsdag kveld vart det ny thriller mot Moss. Først putta Vegard Lorgen og Sander Lekva (straffe) for Førde,før mossekråkene reduserte mot slutten. Men lenger kom ikkje laget til Moss, og dermed ny Førde-jubel. Allereie tidleg i morgon må spelarane vere restituerte då dei skal møte anten Dallas Texans eller osloklubben Røa i 1/8-delsfinalen.

Forsvann ut

Elles måtte fem av dei andre Førde-laga takke for seg i A-sluttspelet i dag. J13/14 tapte klart med 0-6, medan dei andre jentelaget fekk hårfine tap. J15-laget tapte 0-1 mot Sogndal, medan jenter 15/16 tapte 3-4 mot Blindheim i sjuarfotball.

Også dei resterande gutelaga måtte takke for seg. Men det såg lenge til at 13/14-årslaget skulle gå vidare. Dei vann først 6-5 mot Aksla etter straffespark-konkurranse, men tapte deretter 0-3 mot Rollon i semifinalen. Uansett ein fantastisk bra prestasjon.

Dei eldste spelarane (G17) møtte sunnmørsklubben Hødd i 1/8-delsfinalen og fekk som venta tøff motstand. Til slutt vann høddarane 5-0 over Førde.

Sjølv om fem av laga våre måtte tenke på returen til regnvåte Sunnfjord, så har vi framleis to av laga våre vidare. Dette er berre knallsterkt, og det står respekt over det alle 110 førdianarar har levert i årets Norway Cup.

Det kjem garantert til å gå gjetord om Førde sine prestasjonar i 2022 i mange år.

Dette er kort og godt fantastisk.

No lengtar vi berre til at fredagen skal begynne!

Heia Førde!

Tekst: Stig Roger Eide/Bilde og video: Foreldre og lagleiarar i Oslo