FØRDE ER STOR I OSLO

Publisert 29.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Neste veke går Norway Cup av stabelen, og meir enn 250 førdianarar vil i løpet av helga vere på veg til hovudstaden. –Dette er nokre av jentespelarane, seier Vindheim. -Vi er godt representert i årets Norway Cup, ja. Med ni lag så vil vi ha omtrent 110 spelarar i aktivitet. Dessutan har dei fleste med…

Foto:

Neste veke går Norway Cup av stabelen, og meir enn 250 førdianarar vil i løpet av helga vere på veg til hovudstaden. –Dette er nokre av jentespelarane, seier Vindheim.

-Vi er godt representert i årets Norway Cup, ja. Med ni lag så vil vi ha omtrent 110 spelarar i aktivitet. Dessutan har dei fleste med seg anten ein eller to vaksne. Så det er ein viss sjanse for at folk vil registrere at Førde er med i årets Norway Cup, seier Geir Vindheim som er breiddeansvarleg for Førdefotballen .

Dette er laga

-I år det spelarar i alderen 14 til og med 17 år som reiser til Norway Cup. Det er jamt fordelt med fire jentelag og fem gutelag, fortel Vindheim og viser til at Førde vil stille med desse ni laga:

Jenter 14 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Jenter 15 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Gutar 14 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Gutar 15 år, eit lag (11´arlag)

Gutar 16 år, eit lag (sjuarlag)

Gutar 17 år, eit lag (11´arlag)

Størst

Med sine ni lag viser det seg at Førde er den klubben i gamle Sogn og Fjordane som har flest lag med, tett fulgt av Sogndal med sju, Jotun med fem og Askvoll/Holmedal med fire lag. Totalt er det 47 lag med frå Sogn og Fjordane.

Turneringa startar laurdag 30.juli og vert avslutta laurdag 6. august. Totalt er det omtrent 2000 lag med i årets turnering, det vil seie at omtrent 20 000 unge fotballspelarar vil setje sitt preg på hovudstaden.

-Vi reknar med at alle spelarar/foreldre er gode ambassadørar for klubben, og at vi er synlege på Ekebergsletta gjennom turneringa, seier Vindheim.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Atle Skrede

Relatert