SMILET ER TILBAKE

Publisert 10.06.2022 av Lene Ellingsund

Del via

SMILET ER TILBAKE   Det er tydeleg at bortesigeren mot Hønefoss gjorde godt. På treningane er stemninga god. Men på laurdag ventar toppkamp mot Aalesund, og trenar Terje Rognsø har ikkje berre gladmeldingar å komme med.   -Vi har sjølvsagt lyst til å vere det første laget som påførar Aalesund II det første tapet. Dei…

Foto:

SMILET ER TILBAKE

 

Det er tydeleg at bortesigeren mot Hønefoss gjorde godt. På treningane er stemninga god. Men på laurdag ventar toppkamp mot Aalesund, og trenar Terje Rognsø har ikkje berre gladmeldingar å komme med.

 

-Vi har sjølvsagt lyst til å vere det første laget som påførar Aalesund II det første tapet. Dei har overraska positivt denne sesongen, og dette blir ein skikkeleg målestokk for oss, seier Terje Rognsø på treninga føre heimekampen på Førde stadion mot serieleiaren.

 

 

Nokre ute

-Dei er i utgangspunktet eit klassisk 4-3-3-lag, og har mange spenannde spelarar. Både offensivt og defensivt. Dei er godt organiserte og verkar å vere vanskeleg å bryte ned når dei ligg kompakte. Dessutan har dei bra fart og kontringsstyrke. Dette blir heilt klart eit utfordring for oss, seier Rognsø og ser sjølv at hans største utfordringar ligg på mannskaps-sida.

 

-Det er iallfall heilt klart at Ole Petter Hjelle Larsen må stå over. Han fekk ein rift i ein muskel i kneet mot Hønefoss, og blir ute eit par veker. Dessuan er det nokousikkert med Eirik Flatjord og Stefan Aase til denne kampen. Men heldigvis er både Sander Aamelfot og Magne Aarøen speleklare igjen, seier Rognsø som dermed kan mønstre ein offensiv trio med Aamelfot, Savland og Bell.

 

Førde fotball

 

Toppscorar

-Viss nokon i fjor skulle ha sagt at Vegard Savland ikkje har scora eit einaste mål etter dei ni første serierundane, så ville folk ha rista på hovudet. Han var trass alt vår suverene toppscorar i fjor. Og kanskje opnar han kontoen allereie denne helga, halvt spør Rognsø og ser nøgd at Sander Aamelfot på si side har teke scorings-ansvar.

 

-Ikkje noko har vore så kjekt som akkurat det. Vi brukar å komme til mange sjansar, og då er det godt å ha ein målfarleg trio, seier Rognsø.

 

Kom på kamp

Kampstart på Førde stadion laurdag ettermiddag klokka 16.00. Vi trur det kan vere lurt at også du tek turen for å sjå toppkampen i årets 3. divisjon.

 

Og kanskje kan Førde vere det første laget som stoppar Aalesund II-trenar Tor Hogne Årøy si sigersrekke?

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

 

 
 

Relatert