LEA SKAL MØTE VERDENSLAGET

Publisert 28.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Torsdag kveld fekk Lea Fonn klarsignal på at ho skal spele på det norske laget som skal møte verdenslaget i Oslo på tysdag. –Sjølvsagt er ho både glad og spent, seier trenar Bjørn André Storøy. Førde-trenaren kunne torsdag kveld gje informasjonen om at Lea Fonn er tatt ut til å spele mot spelarar frå heile…

Foto:

Torsdag kveld fekk Lea Fonn klarsignal på at ho skal spele på det norske laget som skal møte verdenslaget i Oslo på tysdag. –Sjølvsagt er ho både glad og spent, seier trenar Bjørn André Storøy.

Førde-trenaren kunne torsdag kveld gje informasjonen om at Lea Fonn er tatt ut til å spele mot spelarar frå heile verda under årets Norway Cup. Denne kampen går klokka 12.00 førstkomande tysdag.

Spelar back

-Dette er berre heilt fantastisk. Vi har meldt inn aktuelle spelarar frå alle laga våre, men trudde aldri at vi skulle vere så heldige, seier Storøy om uttaket. Lea Fonn skal spele høgreback i denne kampen som blir avvikla på finalebana på Ekebergsletta, og kampen blir sjølvsagt også streama.

-Ingen tvil om at Lea vart både spent og glad då ho fekk meldinga på treninga torsdag kveld. Men dette blir garantert ei oppleving for livet, seier trenaren.

Prioritere

I utgangspunktet skulle Lea Fonn ha spelt innleiande gruppespelskamp for Førde tidleg på tysdag, men denne skal ho no stå over.

-Klart at kampen for Norge mot Verda er viktigare. Desse laga er plukka ut av spelarar som skal spele i årets Norway Cup, og er garantert eit høgdepunkt. Så tysdag klokka 12.00 veit eg iallfall kor eg skal vere, ler Storøy og veit at svært mange av Førde-spelarane som skal delta på Norway Cup også vil vere ringside når denne kampen blir spelt.

Vi i Førde il Fotball ønsker lykke til mot verda, Lea!

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Bjørn André Storøy

Relatert