TØFF BORTEKAMP FØR FERIEN

Publisert 15.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Laurdag klokka 13.00 spelar Førde sin siste kamp før fire veker velfortent sommarferie. – Og vi veit det møter oss ein tøff kamp på Gjemselunden i Kongsvinger, seier trenar Terje Rognsø.Etter tre strake sigrar har Førde for alvor fått heng på tetlaga i 3. divisjon, men trenar Terje Rognsø vil helst helle litt kaldt vatn…

Laurdag klokka 13.00 spelar Førde sin siste kamp før fire veker velfortent sommarferie. – Og vi veit det møter oss ein tøff kamp på Gjemselunden i Kongsvinger, seier trenar Terje Rognsø.

Etter tre strake sigrar har Førde for alvor fått heng på tetlaga i 3. divisjon, men trenar Terje Rognsø vil helst helle litt kaldt vatn i blodet på dei mest entusiastiske Førde-supporterane.

Må vere skjerpa

– Vi har nok vore heldige i nokre av kampane i vår. No skal vi i siste kamp før ferien møte den klubben vi hadde størst vanskar med i vårkampen. Vi vann 3-1, men skal hugse at vi spelte den siste halvtimen med ein spelar meir enn Kongsvinger 2. Det var eit teknisk godt lag, og vi skal verkeleg vere skjerpa viss vi skal ta poeng på laurdag, seier Rognsø.

Spelarbussen med Olav Flatjord som sjåfør la ut på det som er sesongens lengste bortetur fredag ettermiddag, og dei er venta tilbake til Førde rundt midnatt søndag.

– Det skal gjere godt med fire vekers ferie frå kamp no. Nokre av spelarane reiser direkte til utlandet, medan andre blir med tilbake. Men først skal vi sette eit verdig punktum for denne delen av sesongen mot Kongsvinger 2. Det er viktig at vi fullfører skikkeleg, seier Rognsø og ser at skadesituasjonen framleis pregar troppen hans.

Mange med skader

– Ja, vi har framleis fem spelarar ute med skader i Eirik Flatjord, Ole Petter Hjelle Larsen, Kim Vik, Andreas Årseth og Stefan Aase. Dette er mykje defensiv styrke. Men når vi startar opp att til hausten, så håpar eg at dei fleste av desse er speleklare igjen. Det hadde vore kjekt, seier Rognsø føre bortekampen mot Kongsvinger 2 på legendariske Gjemselunden stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert