DESSE STÅR BAK SUKSESSEN

Publisert 04.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Sjekk dette bildet. Dette er trenarane og lagleiarane til Førde-laga som har slik suksess i Norway Cup denne veka. –Det er eit fantastisk samhald, seier Lars Ove Nistad. Førde il Fotball stiller med ni lag i årets Norway Cup, og alle av desse har etter tre dagar med innleiande gruppespel gått vidare til A-sluttspelet. Dette…

Foto:

Sjekk dette bildet. Dette er trenarane og lagleiarane til Førde-laga som har slik suksess i Norway Cup denne veka. –Det er eit fantastisk samhald, seier Lars Ove Nistad.

Førde il Fotball stiller med ni lag i årets Norway Cup, og alle av desse har etter tre dagar med innleiande gruppespel gått vidare til A-sluttspelet. Dette fordi dei har blitt nummer ein eller to i si gruppe. Onsdag morgon starta dette spennande A-sluttspelet opp, og no er det slik at du må vinne neste kamp for å gå vidare.

-Ja, det er faktisk litt brutalt. Du kan vere uheldig med kven du møter, og så kan Norway Cup-eventyret plutseleg vere over, seier klubbtrenar Lars Ove Nistad som er den av trenarane som har suverent lengst fartstid i slike turneringar.

Kosar seg

-Eg har ikkje tal på kor mange turneringar eg har vore med på, men jammen har det blitt nokre. Men eg trur ikkje nokon av dei kan måle seg med det vi har opplevd her i årets Norway Cup. Det er kort og godt imponerande å sjå det samhaldet som er, både blant vaksne og unge. Ikkje minst ser det ut til at mange av dei aller yngste, som er med foreldra sine og ser søsken spele turnering, storkosar seg, seier Nistad og skryt av både klubben og dei andre ansvarlege.

-Eg er i utgangspunktet glad i overnatting i klasserom med sure sokkar og slikt, men det er klart med tanke på bygge klubbkultur, så er dette alternativet betre. Dessutan trur eg spelarane presterer betre når dei får sove godt og får i seg skikkeleg mat. Kanskje det kan vere noko av forklaringa på den suksessen vi har hatt, seier Nistad.

Lokale profil

Han viser også til at klubbens målbevisste satsing på jentefotballen, samt lokale profil varmar eit trenarhjarte.

-Klart at Førde-miljøet på Norway Cup blir betre når det er jamt fordelt med gutar og jentar. Vi snakkar trass alt om ungdommar i alderen 13 til 17 år, ler Nistad og skryt elles av at klubben satsar lokalt.

-Det er ein fryd å sjå treningane på seniorsida for tida. Det myldrar av lokale unge spelarar, og vi ser at interessa er sterkt aukande. Og viss det er trong for ein referansespelar eller to, så hentar ein inn gode rollemodellar. Dette er fantastnisk flott å sjå, seier Nistad.

Samstundes er han raskt framme med å rose alle vaksne som tek ansvar for dei 110 spelarane som representerer Førde i Oslo.

-Dette er kort og godt ein fantastisk gjeng. Vi går rundt her og smiler og har det kjekt saman. Og det er klart at det gjev eit godt grunnlag for spelarane når dei skal spele kampane sine, seier Nistad føre torsdagens spennande cupkampar.

Tekst: Stig Roger Eide

Relatert