DESSE JENTENE ER HISTORISKE

Publisert 15.03.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Desse Førde-jentene er dei første frå Sogn og Fjordane som spelar i den nye 3. divisjon, avdeling Vestland. Det er også første gang eit damelag serieopnar allereie i midten av mars. Sett av laurdags ettermiddag, og ta turen til Hafstadparken. Då opnar Førde årets 3. divisjon mot bergensklubben Nymark! -Dette er utruleg spennande for vår…

Foto:

Desse Førde-jentene er dei første frå Sogn og Fjordane som spelar i den nye 3. divisjon, avdeling Vestland. Det er også første gang eit damelag serieopnar allereie i midten av mars.

Sett av laurdags ettermiddag, og ta turen til Hafstadparken. Då opnar Førde årets 3. divisjon mot bergensklubben Nymark!

-Dette er utruleg spennande for vår del. Vi skal møte mange heilt nye lag, og skal spele på nye baner på heilt nye plassar. Klart dette er spennande, seier Førde sin hovudtrenar Johan Pettersen og meiner at laget hans er så godt førebudd til årets sesong som mogleg.

Vanskeleg i ein periode

-Ja, med dei vêrtilhøva vi har hatt i vinter, så vart det lite spel i Hafstadparken i januar og langt ut i februar grunna kulden. Men når telen først gjekk ut av bana, så har vi hatt nokre gode treningsveker. Vi har hatt svært godt frammøte på treningane, bortsett frå at underteikna har operert akillesen. Men så lenge Terje Norevik har steppa inn så flott som det han har gjort, så trur eg vi skal vere i stand til å halde på statistikken vår frå i fjor då vi ikkje tapte ein einaste kamp på heimebane, understrekar Pettersen.

Eit år eldre

Pettersen kan fortelje om eit stabilt mannskap, og at dei unge spelarane har blitt eitt år eldre.

-For oss er det svært viktig, då mange av spelarane våre framleis berre er 16-17 år. Dei er inne i ein viktig utviklingsfase, og vi ser at mange av dei har teke steg. Ikkje minst kjem den rutinen fram i form av at dei kanskje er noko meir kyniske i vanskelege situasjonar, og truleg ikkje svingar mykje i prestasjonane. Vi håpar derfor at vi skal vere noko meir stablile i år, seier Førde sin hovudtrenar.

Tre i mål

Samstundes er laget no veldig godt stilt med tre målvakter, som kjempar om å spele frå start.

-I tillegg til Sofie Honningsvåg Aarnes og Marthe Gjerde Stølen, så har vi fått Mia Engelsgaard frå Bærum. Ho går på sjukepleien i Førde, og utfordrar heilt klart dei to målvaktene vi hadde i fjor, seier Johan Pettersen.

Samstundes er det klart at nokre av dei langtidsskadde spelarane framleis er ute, og mellom anna er håpet at Martine Kvamme skal vere tilbake i løpet av sesongen.

Flying start

-Når det gjeld laurdagens motstandar, Nymark, så rykka dei saman med Askøy opp frå 4. divisjon i fjor haust, og klubben er eit heilt nytt bekjentskap for oss. Dei tjuvstarta årets sesong sist helg mot Lyngbø, og tapte då 4-0 mot eit av dei laga vi forventar skal vere med i det øvre sjikt. Så det blir viktig å vise seg frå si beste side i opningskampen på laurdag, slik at vi kan få ein «flying start» i den nye 3. divisjon, Vestland, seier Johan Pettersen og dirigerer spelarane på plass med tanke på fotografering på den siste treninga før alvoret brakar laust.

-No er det alvor, og vi er klare. No håpar vi også at publikum kjenner si besøkstid og tek turen til parken laurdag klokka 15.00. Det var mange kampar med god underhaldning i Hafstadparken i fjor, og vi satsar på å halde fram i den stilen, understrekar hovudtrenaren til Førde sitt damelag føre sesongdebuten.

Dette er spelarane trenarduoen Johan Pettersen og Terje Norevik disponerer i årets debutsesong i 3. divisjon, Vestland.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert