Førde fotball

JACOB FØRST OG JAKOB SIST

 
 

Førde valsa over serieleiaren Molde med heile 4-0, og midtbane-krigaren Jacob Frøyen Bergset imponerte stort. – Han derre nummer 22 var god, seier Molde-trenar Daniel Berg Hestad etter kampen.


Førde held fram sin imponerande statistikk på heimebane, og står framleis utan tap på Førde stadion under trenar Terje Rognsø. Og sjølv om heile åtte av dei spelarane trenaren i utgangspunktet trudde skulle spele i første 11´aren er ute med skade, så melder den eine ungguten etter den andre seg på. For mot serieleiaren mangla Førde følgjande spelarar: Stefan Aase, Eirik Flatjord, Ole Petter Hjelle Larsen, Andreas Årseth, Andreas Tefre, Elias Rognebakke, Kristian Hauståker og toppscorar Sander Aamelfot.

Fantastisk
-Dette er truleg den kjekkaste opplevinga eg har hatt som Førde-trenar. Sjølv om eg håpa at vi skulle punktere kampen noko tidlegare. Men i dag er det ein gjeng offervillege og løpsvillege spelarar som stiller opp, og spesielt er eg imponert over midtbanetrioen Jacob Frøyen Bergset, Mathias Sagevik og Magne Aarøen. I dag var dei store, smiler Rognsø etter oppgjeret og ser at den meritterte Molde 2-trenaren Daniel Berg Hestad hastar inn i garderoben rett etter kampslutt.


-Førde var hardtarbeidande og direkte i spelestilen sin. Dessutan hadde dei ein svært god spelar i nummer 22 på midtbana. Og begge midtstopparane var gode. For dette var ein skuffande dag av oss, seier Berg Hestad og fann lite lyspunkt hos sine eigne spelarar.

Førde Forball
Skuffa Hestad
– Nei dette var Førde sin kamp. Frå start til slutt. Det er lenge sidan eg har vore så skuffa som dette, seier Berg Hestad etter kalassifra 4-0 på Førde stadion.

For med denne sigeren klatra Førde forbi Florø på tabellen, og heilt opp i ryggen på dei tre topplaga Molde 2, Aalesund 2 og Elverum. For trass stortapet i Førde troner romsdalingane framleis på toppen av tabellen.

-Vi har iallfall noko å revansjere når Førde kjem til Molde utpå haustparten. I dag fekk vi ein skikkeleg lærepenge i effektiv fotball, seier Molde-profilen og forsvinn ned trappene i garderoben i Førdehuset.

Førde fotball
Vi kjem tilbake med meir om kampen mellom Førde og Molde seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta
Førde-Molde II 4-0 (2-0)
304 betalande tilskodarar
Mål:

  1. 33 min Jacob Frøyen Bergset
  2. 34 min Vegard Savland
  3. 79 min Ntege Kone
  4. 88 min Kristian Bell

Dommar: Jakob Søgnen

Gult kort: Mathias Sagevik, Førde

Førde: Fredrik Hanssen, Elias Solheimsnes Vindheim (Mathias Helgheim i 89. min), Henrik Lilleaasen, Øystein Østvik, Edvin Dvergsdal Brattreit (Andreas Hvidsten i 85. min), Jacob Frøyen Bergset (Sander Lekva i 85. min), Magne Elias Aarøen, Mathias Sagevik, Kristian Bell, Vegard Savland (Simen Indrebø i 82. min), Ntege Kone