FLEIRE MELDER SEG FRISKE

Publisert 08.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Når Førde møter botnlaget Toten på Førde stadion laurdag ettermiddag, kan trenar Terje Rognsø sjå at stadig fleire spelarar har meldt seg sjølv friske og skadefrie. -Ja, den siste veka har det endeleg betra seg. Men samstundes er det slik at dei som har spelt dei siste vekene har prestert så bra at det ikkje…

Når Førde møter botnlaget Toten på Førde stadion laurdag ettermiddag, kan trenar Terje Rognsø sjå at stadig fleire spelarar har meldt seg sjølv friske og skadefrie.

-Ja, den siste veka har det endeleg betra seg. Men samstundes er det slik at dei som har spelt dei siste vekene har prestert så bra at det ikkje er berre å skifte dei ut, seier Rognsø etter treninga fredag kveld. Denne treninga vart gjennomført i Hafstadparken, då Førde stadion har hatt problem med å ta unna regnvatnet som har komme dei siste dagane.

Tre nye inn

Etter siste kamp på bortebane mot Spjelkavik har Rognsø difor gjeve klarsignal for denne trioen til Toten-kampen.

-Mathias Sagevik kjem inn etter å ha sona karantene, medan både Sander Aamelfot og Kristian Hauståker også er klare for troppen, avslører Rognsø og ser samstundes at 15-åringen Sander Lekva har blitt sjuk og dermed er uaktuell til denne kampen.

Annleiskamp

Førde-trenaren har dei siste dagane hatt stor merksemd i spelargruppa på at i utgangspunktet kan det vere venta ein annleis kamp mot botnlaget Toten.

-Det ligg alltid ein fare i å undervurdere motstandaren. Vi må for vår eigen del oppretthalde løpsintensiteten vi har hatt i dei siste kampane, og vere budd på at vi kan få eit totalt anna kampbilde enn det vi har hatt i dei fire siste kampane. Då har vi møtt lag som har vore på øvre halvdel av tabellen, og vi har vore i angrepsposisjon. No er dette snudd på hovudet, og då må vi vise våre kvalitetar også mot lag som bak oss på tabellen, seier Rognsø og ser fram til siste heimekamp føre ferien.

-Etter Toten-kampen har vi berre igjen Kongsvinger 2 neste helg. Etter det er det fire veker utan kamp, før vi startar opp haustsesongen mot Lillehammer laurdag 13. august, fortel Rognsø.

Men allereie laurdag 9. juni er det klart for siste heimekamp før ferien når Toten kjem til Førde stadion. Kampstart er klokka 16.00.

Ta turen DU også.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert