Førde 2 fant skoringsformen mot Måløy

Publisert 12.06.2022 av Geir Vindheim

Del via

Førde 2 møtte søndag Måløy til kamp i kretsligaen. Begge laga stod med seks poeng før dagens kamp, så det var forventa ein jamn kamp. Måløy fekk ein kjempestart med 1-0 allereie etter 3 min. Førde 2 bruker eit godt kvarter på å få kampen inn i sitt spor, og få til det offensive spelet.…

Foto:

Førde 2 møtte søndag Måløy til kamp i kretsligaen. Begge laga stod med seks poeng før dagens kamp, så det var forventa ein jamn kamp. Måløy fekk ein kjempestart med 1-0 allereie etter 3 min. Førde 2 bruker eit godt kvarter på å få kampen inn i sitt spor, og få til det offensive spelet. I kampane tidlegare i år har laget spelt mykje bra fotball fram til 16 meteren. I søndagens kamp fekk dei endeleg uttelling på spelet . Både Lasse Aamelfot, og Simen Indrebø skapte store problem på kantane for Måløy. Førde fekk store sjanser med innlegg frå kantane.

Førde 2 snudde kampen i første omgang, og kunne gå til pause med ei 3-1 leiing. Måla til Førde 2 vart skora av Andreas Hvidsten, Mathias Helgheim og Sander Lekva. Førde 2 fortsatte å dominere i andre omgang. Mange fine kombinasjoner som resulterte i mange stor sjanser. Når kampen viste 90 min satte Simen Indrebø inn sitt andre for dagen, og Førde sitt sjette totalt. Marko Dodaj sørga for at sluttresultatet vart 6-3 til Førde med sine tre mål for Måløy.

Elias oppsummerer med mykje bra spel og markent betre både på offensiv og defensiv dødball. Veldig kjekt å sjå at tre 15 åringar tørr også på dette nivået. Gratulerer til Elias Grimeland og Ruben Jordanger med debut i 4 divisjon.

Neste kamp er borte mot Studentspretten søndag 19 juni kl 1300.

Relatert