DEI SKAL SPELE MOT INTER OG MILAN

Publisert 06.03.2024 av Stig Roger Eide

Del via

-Gjett om vi gler oss til dette, strålar dei to Førde-jentene Ida Sætre Øvrebø og Matilde Flaten. I påska er dei inviterte til å spele kampar i Italia mot klubbane Inter, Milan, Atalanta og Como. I vinterferien deltok desse to jentespelarane frå Førde på NSU si samling i Skei storhall, og i etterkant vart dei…

Foto:

-Gjett om vi gler oss til dette, strålar dei to Førde-jentene Ida Sætre Øvrebø og Matilde Flaten. I påska er dei inviterte til å spele kampar i Italia mot klubbane Inter, Milan, Atalanta og Como.

I vinterferien deltok desse to jentespelarane frå Førde på NSU si samling i Skei storhall, og i etterkant vart dei inviterte til å delta på ei internasjonal turnering i Milano i Italia. Og det mot verdskjende lag som Milan, Inter, Atalanta og Como.

I feriane

NSU står for Norsk Spelarutvikling, og er ein organisasjon som har som mål å gje eit ekstratilbod til unge fotballspelarar, stort sett i feriane, over heile Norge. Berre i vinterferien hadde NSU over 300 unge spelarar i aktivitet i Bergen, Jølster og Stegaberg. Det er bergensaren Rune Sulen som er ansvarleg, og han nyttar mellom anna profilar som Tommy Knarvik og Marius Hagen som instruktørar.

-Det var Marius Hagen som var på Skei. Eg kjende han igjen frå Proffveka i Stryn, som eg har delteke på tidlegare. Men når vi no fekk tilbod om å vere med på turneringa i Italia, så blir det nok ikkje Proffveka dette året. For Italia-reisa kostar ganske mykje då vi må betale alt sjølv, seier dei to jentespelarane.

Under futsal-KM

Seinast sist veke var desse Førde-spelarane i aktivitet under KM futsal på Sandane.

-Vi stilte med to jamne lag, og då vart det semifinale og kvartfinale på dei to laga. Og merkeleg nok tapte vi begge mot Loen, ergrar dei to ambisiøse jentene seg over.

Men no har dei allereie flytta fokus til det spennande opplegget dei skal gå i kast med i påska.

-Vi reiser åleine nedover med fly på Skjærtorsdag og skal vere tilbake på skulen onsdag etter påske. Heldigvis kjenner vi også nokre av dei andre spelarane på laget vårt, då vi har spelt med dei på Team Vestland og slikt. Det gjer det lettare, når vi ikkje skal ha med oss foreldre, seier dei to jentene då Førde-patrioten tek ein prat med dei i Hafstadparken.

Eventyr for jentene

-Det skal bli godt å komme seg til litt varmare strøk nokre dagar. Og så får vi håpe at det blir ei flott oppleving elles også, seier dei to som skal spele på det «norske» J15-laget. NSU skal også ha med eit 17-årslag til Italia.

Og kanskje kan Førde-jentene få oppleve å sjå gigantiske San Siro/Stadio Giuseppe Meazza som er den verdskjende bana til Milano-klubbane Inter og Milan når dei første er i Milano?

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert