Ålesund, Førde, Spania, Førde og Ålesund igjen. I løpet av ein knapp månad er dette reiseruta til Førde-spelaren Elias Grimeland.

Det er tydeleg at klubbar rundt oss er i ferd med å oppdage Førde-backen Elias Grimeland sine kvalitetar. I tillegg til det norske G17-landslaget, så har klubbar som Aalesund FK og Sogndal kaste sine auge på venstrefotaren og har invitert han med på treningsopphald.

Først til Ålesund

-Ja, det har vore litt aktivitet i det siste. Sist veke var eg i Aalesund og trente med både G19 og A-laget til OBOS-klubben. Ingen tvil om at nivået var høgt. Dessutan fekk eg spele ein G17-kamp for Førde mot Aalesund på sundag, fortel Elias Grimeland då vi møter han på Storebrua på Alti. Då er han på veg til trening på Puls.

-Treninga må vere variert. No skal eg allereie førstkomande fredag ta fly via Gardermoen til Spania. Då er det landslagssamling for G17, og vi skal møte Tsjekkia, Sverige og Polen i tillegg til treningar i La Nucia på austkysten av Spania. Eg skal vere tilbake i Førde 11. februar, fortel forsvarsspelaren og reknar då med ei tilnærma ordinær veke etter Spania-turen.

Så til Ålesund igjen

-Planen var at eg, saman med Gaute Sunde Sandal, skulle reise til England med Sogndal sitt G17-lag. Men dette har eg takka nei til, og reiser i staden til Ålesund igjen i vinterferie-veka, 19. februar, for å trene med både G19 og A-laget der. Då får eg testa meg mot god motstand, og trur det er riktig val for meg akkurat no, seier Elias Grimeland som ikkje har konkrete planar om klubbskifte med det første.

Spelar for Førde

-Nei, eg spelar iallfall for Førde til eg skal begynne i andre klasse på Førde vgs. Kva som eventuelt skjer til hausten har eg ikkje avgjort enda. Det hastar ikkje. No handlar det om å få trent godt i vinterhalvåret, slik at eg står godt rusta når Norge skal spele kvalifisering til G17-EM i mai månad, fortel Elias Grimeland og kan avsløre at for tida trenar han seks gonger i veka.

-I tillegg til skule, så blir det stort sett trening. Men eg elskar jo dette, så det er uproblematisk, smiler han lurt.

Rett før han skal pakke kofferten igjen!

Førde il Fotball ønsker lykke til, Elias.

Tekst og foto: Stig Roger Eide