MÅ GJERE FLEIRE ENDRINGAR MOT TOPPLAGET

Publisert 18.05.2022 av Emil Rasmussen

Del via

– MÅ GJERE FLEIRE ENDRINGAR MOT TOPPLAGET     Førde møter den norske meistaren frå 2012 på Førde stadion torsdag kveld. –Med tett kampprogram må eg gjere fleire endringar på laget, seier Terje Rognsø. Førde-trenarenog spelarane har ikkje fått mange dagane på å slikke såra sine etter det forsmedelege tapet mot Florø 16. mai. Allereie…

Foto:

– MÅ GJERE FLEIRE ENDRINGAR MOT TOPPLAGET

 
 

Førde møter den norske meistaren frå 2012 på Førde stadion torsdag kveld. –Med tett kampprogram må eg gjere fleire endringar på laget, seier Terje Rognsø.

Førde-trenarenog spelarane har ikkje fått mange dagane på å slikke såra sine etter det forsmedelege tapet mot Florø 16. mai. Allereie torsdag klokka 18.00 kjem Hødd for å spele 1. runde i NM-cupen, og sunnmøringane har sjølvsagt ambisjonar om å kopiere bragden sin frå 2012, då dei vann sjølve cupfinalen på Ullevaal. Dessutan har laget fått ein pangstart på årets sesong, og leiar avdelinga si i Post Nord-ligaen. Som er divisjonen over det nivået Førde spelar i denne sesongen.

 

Tøft program

-Ja, det er vel ingen tvil om kven som har favorittstempelet i denne kampen. Dessutan må vi vere forsiktig med nokre spelarar, då tre kampar på under seks døgn kan vere for tøff belastning på nokre. Så det blir nokre endringar i start 11´aren frå kampen mot Florø, seier Rognsø som fekk gjennomfært ei lett økt på grasmatta på Førde stadion onsdag kveld.

-Vi har fått lagt Florø-kampen bak oss, og ser offensivt på kampen mot Hødd. Dei har hatt ein god start på sesongen i 2. divisjon, sjølv om det «berre» vart 1-1 mot Vegard Forren og Træff på dei sist helg. Men dei har fått kvile sidan då, og kjem sikkert spelesugne til Førde, seier Rognsø om det som blir årets andre kamp mot sunnmørsklubben.

 

Slo Hødd 2

-Ut frå det eg har sett, så spelar både Hødd 1 og Hødd 2 ganske likt. Vi hadde god kontroll då vi vann 5-0 mot Hødd 2 i årets første seriekamp på Førde stadion, men møter nok eit lag som er noko betre på torsdag. Men eg har nok av erfaringar på at i ein enkelt kamp, så kan det meste skje, seier Rognsø som mest sannsynleg vil spare spelarar som Eirik Flatjord, Sander Aamelfot ogStefan Aase i dette cup-oppgjeret.

-Nokre spelarar treng litt lenger restitusjonstid, og du veit at allereie på søndag skal vi møte Volda i seriekamp på Sunnmøre. Men målet er uansett å lage ei aldri så lita cupbombe på Førde stadion torsdag, seier Rognø og set spelarane i aktivitet på ei formasjonstrening onsdag kveld.

-Det blir nokre endringar på laget, og då er det viktig å gjere spelarane bevisste på kva val dei skal ta. Og vi skal bite godt frå oss på torsdag, avsluttar Førde-trenaren.

Husk kampstart på Førde-Hødd torsdag 19. mai klokka 18.00.

 

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

Relatert