FOTBALL HEILE DØGNET OG ALLE DAGAR

Publisert 27.05.2022 av Emil Rasmussen

Del via

FOTBALL HEILE DØGNET OG ALLE DAGAR   Når andre snakkar om fridagar og frikveldar, ler Elias Øvretveit Larsen. – Eg får energi av å vere saman med unge menneske som vil lære noko, seier trenaren. Elias Øvretveit Larsen er limet for dei vaksne spelarane på herresida i Førde-fotballen. Han trenar alle seniorspelarane i klubben, og…

FOTBALL HEILE DØGNET OG ALLE DAGAR

 

Når andre snakkar om fridagar og frikveldar, ler Elias Øvretveit Larsen. – Eg får energi av å vere saman med unge menneske som vil lære noko, seier trenaren.

Elias Øvretveit Larsen er limet for dei vaksne spelarane på herresida i Førde-fotballen. Han trenar alle seniorspelarane i klubben, og er dessutan med på dei fleste kampane til desse. I løpet av den siste månaden har han hatt tre fridagar. Elles er det fotball og trening frå tidleg morgon til seine kvelden.

 

 

Stort ansvar

-Ja, det kan kanskje bli litt mykje. Eg hadde fri 1. mai, og då reiste eg på cupfinalen for å sjå favorittklubben min, Bodø/Glimt. Dessutan hadde eg fri måndag 9. mai og 17. mai. Det var to dagar utan fotball, ler fotball-entustiasten som er logistikkansvarleg for alle seniorspelarane på dei tre herrelaga i klubben.

-På A-laget er eg assistent under Terje Rognsø, medan eg sjølv har hovudansvaret for Førde 2. Når det gjeld Førde 3 har Benny Rivedal og Ørjan Vikum hovudansvaret, medan eg har mange av treningane, fortel Elias om jobben sin i Førde il Fotball som i løpet av den siste månadane har reist til bortekampar påfølgjande plassar Lillehammer, Florø, Volda, Sogndal og Øvre Årdal.

-Heimreisene er alltid lettare med siger, smiler 25-åringen.

 

Jobbar på Hafstad

Dessutan har han sidan vinterferien vore tilsett i 70 prosent stilling som lærar ved Hafstad vidaregåande skule.

-Der har eg faga kroppsøving og breiddeidrett. Heldigvis litt «i same gate» som det eg held på med elles, seier 25-åringen etter A-lag sin trening på Førde stadion føre kampen mot Raufoss laurdag klokka 13.00.

-A-laget hadde poengmessig ein god start på sesongen før det butta litt imot. Men prestasjonane har totalt sett ikkje vore gode nok, og vi håpar å heve botnnivået. Skade på erfarne spelarar har hatt mykje å seie, og når til dømes både Vegard Savland og Sander Aamelfot i angreppsleddet har vore ute med skade, betyr det mykje. Samtidig er det mange med lite erfaring som har tatt nivået raskt, seier Elias og ser med glede at begge desse to til dømes er i trening igjen.

 

Kamp på laurdag

-Ja, det ser mykje betre ut no. Sjølv om vi tapte bortekampen mot Volda sist helg, så var vi det beste laget. Dette er noko vi tek med oss inn til denne kampen. No skal vi vise oss frå ei betre side igjen. Og hugs vi har enda ikkje tapt ein einaste seriekamp på Førde stadion på lenge, lenge. Noko vi skal halde fast på, seier trenaren som har ansvar for eit 40-tals seniorspelarar i klubben.

Så husk kampen mot Raufoss 2 på Førde stadion laurdag klokka 13.00!

 

 

Førde fotball - førdepatrioten - førde IL

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

 

 
 

Relatert