-KJØP EIT KORT, OG FÅ MANGE FORDELAR!

Publisert 15.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

I desse dagar lanserar Førde il Fotball støtte-medlemskap. – Med denne støttemedlemskapen får du mange fordelar hos våre sponsorar, og sikrar på samme tid at barn og unge i klubben får eit betre tilbod, seier Geir Vindheim. Førde il Fotball si samfunnsrolle er betydeleg. Med mellom 800 og 900 aktive utøvarar i klubben, så er…

Foto:

I desse dagar lanserar Førde il Fotball støtte-medlemskap. – Med denne støttemedlemskapen får du mange fordelar hos våre sponsorar, og sikrar på samme tid at barn og unge i klubben får eit betre tilbod, seier Geir Vindheim.

Førde il Fotball si samfunnsrolle er betydeleg. Med mellom 800 og 900 aktive utøvarar i klubben, så er fotballgruppa truleg den største frivillige organisasjonen i kommunen. Det krev mykje å leggje til rette for eit godt tilbod til alle desse, og vi skal vere klar over at 85 prosent av utøvarane held til i barne- og ungdomsfotballen.

To alternativ

-Med dette som bakteppe vil vi frå i dag innføre ein støttemedlemskap til dei som vil. Du kan velje mellom to alternativ. Det eine på 400 kroner er ein vanleg støttemedlemskap, medan det andre er inkludert inngangsbillett til alle Førde sine heimekampar i 2023 til kr 900, fortel Vindheim og viser til at denne prisen i praksis betyr at halvparten av kampane «blir gratis».

-Samstundes som du støttar Førde il Fotball så gjev støttemedlemsskapen mange fordelar hos fleire av våre samarbeidspartnerar. Sjekk berre denne lista til slutt i denne saka og sjå kva tilbod du får. Dessutan er det viktig å gjere merksam på at denne lista vil bli utvida utover sesongen, seier Geir Vindheim og håpar at mange vil ta vegen innom Sport1 og sikre seg desse medlemskorta.

Sport1 sel korta

-Tek du turen innom Sport1 allereie denne veka, så kan du dessutan få svært gode tilbod i heile butikken då vi har klubbveke der til og med laurdagen. Der kan du også bestille deg medlemskort, seier Vindheim og viser til at betalingsordninga er gjennom Vipps-systemet.

-Du betalar inn for den medlemsskapen du vil, og så kan du berre hente kortet DITT på Sport1. Husk å skrive namnet ditt på vipps-meldinga. Då vil du straks kunne dra fordel av alle dei gode tilboda våre sponsorar gjev deg, og du er dessutan med på å støtte det viktige arbeidet vi gjer overfor barn og unge, seier Geir Vindheim.

Gode sponsorar

Dette er lista over tilbod frå våre sponsorar frå 15. mars viss du har støttemedlemskap i Førde il Fotball. Denne lista vil bli utvida gjennom sesongen, og oppdatert liste finn du på nettsida til Førdepatrioten:

Sport1: 20 % på Umbro, 15 % på resten av butikken (gjeld ikkje sykkel, pulsklokker eller tilbodsvarer)

Peppes: 20 % rabatt

Farsund Flis: 15 % rabatt

Puls Førde: Bedriftsavtale 2

Opus: 12 % på verkstad, tilbehør og rekvisista. 30 % på alle dekk. Rabatt på bilkjøp vil bli gjort i kvart einskild tilfelle.

NorEngros: 20 % på diverse husholdningsartiklar.

Best Førde: 20 % på vask av bil, 20 % på mat bestilt i Best Bonus-appen.

Førde Vulk: 10 % på alle dekk, og sesongskift av dekk.

COOP Mega: 10 % på lunsjmat frå varmeskapet.

COOP Extra Kafé: 10 % på dagens middag.

COOP Obs Bygg: 10 % på alt av bil- og båtpleie.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert