ELIAS ER KLAR FOR ELITERUNDEN I EM

Publisert 23.11.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde kan få ein spelar med i sluttspelet i EM til sommaren. Elias Grimeland spelte to av kampane då det norske G16-landslaget denne veka kvalifiserte seg til eliterunden til EM etter ei turnering i Romania. Elias Grimeland kom rett heim frå turneringa i Bucuresti i Romania seint onsdag kveld, og reiste rett til naturfagprøve på…

Førde kan få ein spelar med i sluttspelet i EM til sommaren. Elias Grimeland spelte to av kampane då det norske G16-landslaget denne veka kvalifiserte seg til eliterunden til EM etter ei turnering i Romania.

Elias Grimeland kom rett heim frå turneringa i Bucuresti i Romania seint onsdag kveld, og reiste rett til naturfagprøve på Førde vidaregåande skule torsdag morgon.

-No skal det bli godt å ta litt pause frå fotballen ei stund. Det einaste eg veit no er at eg skal spele KM-innandørs i Førdehuset om vel ei veke, smiler 16-åringen då han møter Førdepatrioten sin utsende heime.

Til EM

For faktum er at Elias Grimeland i løpet av den siste veka har fått bokført to nye landskampar på sin CV. Mot Romania spelte han det siste kvarteret i 0-0-kampen, medan han spelte heile oppgjeret mot Estland då laga spelte 2-2 på det rumenske nasjonalanlegget i Bucuresti.

-I den siste og avgjerande kampen mot Frankrike vart eg sittande på benken i heile oppgjeret. Då la vi for første gang om til fem mann i forsvaret, og gjennomførte ein prikkfri forsvarskamp mot dei franske favorittane. Med uavgjort der, er vi klare for eliterunden til neste år, seier venstrefotaren og er svært glad for den positive utviklinga han har hatt i det siste.

Tillit

-Det starta med at eg fekk mykje tillit på Førde sitt A-lag under trenar Knut Erik Folland. Så kom landslagsuttaket etter det, og eg føler at landslagstrenar Bjørn «Bommen» Johansen også har gjeve meg mykje tillit, seier venstrebacken og håpar sjølvsagt at han er med i framtidige landslagstropper for Norge.

-Eg trur det skal vere ei turnering i vinter, før vi skal ut i eliterunden til EM. No er det visstnok 32 nasjonar som er klare, og dette talet skal ned til 16, trur eg. Men korleis dette skjer, og kor kampane skal bli spelte veit vi ikkje noko om enda, seier 16-åringen og vedgår at han no i tida som kjem vil ha fokus på skulegang.

Fokus på skule

-I følgje dei andre elevane i klassen, så har eg visstnok ikkje gått glipp av så mykje den siste veka. Men eg trur eg må vise litt meir interesse for skulen no når fotballsesongen er over. Og eg kjenner at det også skal gjere godt for kroppen, seier Elias som er ein av spelarane i Førde som har spelt flest kampar i år.

-Ja, det har blitt mange, men eg har ikkje talet. Men det er sikkert nok. Så no er det viktig å restituere seg, og i tida framover er det planlagt berre to treningsøkter i veka med A-laget til Førde. Eg trur det er nok, ja, smiler Elias Grimeland.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert